Medisinstudent med lyrikk-debut

– Dei fyrste dikta vart til grunna ei ulukkeleg forelsking. Er det ikkje alltid slik?

Publisert Sist oppdatert

Sverre Georg Sæther (25) smiler lurt og meiner likevel ikkje at diktsamlinga hans er klisjéfylt. Medisinstudenten gir i desse dagar ut lyrikk-debuten, Naken på tunet . Han omtalar samlinga som ei poetisk dagbok.

– Det er møtet med dei sterke kjenslene, særleg dei negative, som skapar dikt. I dette står sjølvsagt kjærleiken sentralt. Men dikta rører ved meir enn berre kjærleik. Ein finn dikt om alt frå politikk og urettferd til draumar, håp og ulike menneskelege relasjonar.

Om tru og tvil

At Sæther har vore aktiv i kyrkjearbeid i mange år, har óg sett sitt preg på dikta.

– Nokre av tekstane er farga av mi tru på at det finnes noko større enn meg sjølv. Trua mi på Jesus er viktig for meg, og møtet med min eigen tvil er difor noko som vekkjer mange tankar.

Forutan kjærleik og lengsel, tru og tvil, er det mellom anna dei mange utlandsreisene hans som har gitt inspirasjon til skrivinga.

– Eg var i Eritrea i to månadar i fjor. Det er eit land der styresmaktene forfylgjer sitt eige folk, nokre gongar på grunn av religiøs overtyding. Det var forferdeleg å oppleve at tilsette ved sjukehuset i byen eg var i plutseleg forsvann.

Lang prosess

Naken på tunet er skriven i perioden 2005 til 2009. At dikta har vorte til over så mange år, trur han berre gjer godt for samansetjinga i samlinga.

– Dikta frå den fyrste perioden er meir tradisjonelle i forma. Etter kvart oppdaga eg at mine beste dikt var dei meir moderne, og dei sista åra har dikta difor vorte meir frie og ubundne.

Det er ein annan prosess som har vore meir krevjande enn sjølve skrivinga, ifølgje forfattaren.

– Å få anteke eit manus hjå eit forlag, er særs utfordrande, og krev mykje arbeid. Eg møtte fleire avslag, men traff til slutt eit forlag som forbarma seg over meg og i alle fall fortalte kva som var for dårleg med dikta – og kva dei likte.

– Då fekk eg noko å jobbe med, det var tilbakemeldingar som utvikla meg vidare som lyrikar. Resultatet er difor 34 dikt eg er veldig stolt over, seier medisinstudenten.

Lyrikaren er i dag lukkeleg forelska, og hevdar at dette er grunnen til at diktproduksjonen har minka noko den siste tida. Han meiner likevel at dikta vil fortsetje å presse seg fram når dei sjølv vil. Om resultatet vert enno ei diktsamling, vil Sæther derimot ikkje røpe.

Powered by Labrador CMS