- Større aksept for sexleiketøy

Er du lei av å gi vekk sokkar og parfyme i julegåve? Legg ein hard pakke under årets juletre.

Tekst: Thorstein Fretheim,

Det nærmar seg jul, og mange vil glede sine kjente og kjære med både harde og mjuke pakkar. På Kondomeriet opplev dei stor pågang i desember. Det er tydleg at jula er ei seksuell høgtid.

– Mange som handlar her no ynskjer å gi partnarane sine ei spesiell og original julegave, fortel butikkmedarbeidar Vivian Bellingmo, og legg til at det kanskje ikkje er alt som passar under juletreet.

Oppladbar favoritt

Bellingmo fortel at handhaldte vaginer, såkalte «fleshlight», alltid er ein slager. «Fleshlight» er eit handfast bevis på at også menn nyttar seg av seksuelle leiketøy. For det kvinnelege kjønn er oppladbare vibratorar ein soleklar favoritt.

Det er ikkje vanskeleg å finne produkt til godt over tusenlappen, men Bellingmo understrekar at det finst fleire studentvennlege variantar.

– Ein treng ikkje betale meir enn hundrelappen for dei rimelegaste sexleiketøya, men eg vil oppfordre alle å heller investere i eit sexleiketøy med høg kvalitet, enn å ha fleire billege.

Sexleiketøy stadig meir populært

Nokon tykkjer kanskje det framleis er kleint å gå inn i ein sexleiketøybutikk, men terskelen er mykje lågare no, enn tidlegare. Større fokus på sex i media er den viktigaste grunnen, meinar Bellingmo.

– Etter at tv-programmet «Trekant» gjekk på NRK, har vi merka at det er større aksept for sexleiketøy, seier ho.

Bokserien «Fifty Shades» har bidrege til at folk har fått opp augene for frekkare leketøy. Dette merkast på sortementet i butikken.

– Etter bokserien kom, har folk sluppe seg laus. Interessa har rett og slett vore enorm.

Tykkjer du det er vanskeleg å plukke rett leiketøy? Her er Vivians råd for nybyrjarar.

For menn:

  • Onaniegg - Silikonhylse med ein liten engongspakke med glidemiddel. Dette er både rimelig og populær.
  • Fleshlight - Dei fleste mannfolk har høyrt om dette før. Det er ein veldig bra "vagina", og den er kjend over alt i verda.

For kvinner:

  • Klitorisvibrator - Kjem i både oppladdbare, elegante og lydlause variantar, og ein finn garantert noko som passar for alle.
  • Rabbitvibrator - Dette er ein tidlaus klassikar, som ein kan finne i fleire forskjellege prisklasser.
Powered by Labrador CMS