Dusken.no | Aseksuelle «Håvard» (19) tenkjer aldri på nakne jenter
Article Aseksuelle «Håvard» (19) tenkjer aldri på nakne jenter image

Aseksuelle «Håvard» (19) tenkjer aldri på nakne jenter

REPORTASJE: Rundt ein prosent av nordmenn er aseksuelle. Vi har møtt to av dei.

ASEKSUALITET

  • Aseksualitet blir definert som vedvarande mangel på seksuell tiltrekking
  • I motsetnad til sølibat, som er eit aktivt val, er aseksualitet ein del av den ein er
  • Ifølgje tal fra SSB har 1,3 prosent av det norske folk inga seksuell lyst
  • Ingen i Noreg har hittil stått fram offentleg som aseksuell
  • Det fins fleire typar aseksuelle, til dømes heteroromantisk aseksuell. Det vil seie at ein blir romantisk, men ikkje seksuelt, tiltrekt av det motsette kjønn

AVEN

  • Aseksuelle brukar i hovudsak internett som møtestad og informasjonskanal
  • Nettforumet AVEN (The Asexual Visibility & Education Network) er det største, og blei grunnlagt i 2001
  • AVEN har rundt 60 000 medlemmar
  • Nasjonalitetar frå heile verda er representert på forumet, også nordmenn
  • Tema i foruma inkluderer seksualitet, kjønnsidentitet, kjærleik, og daglegdagse interesser

– Sex kjennes berre unaturleg og framand. Eg har ikkje lyst, det er noko som seier stopp inni hovudet.

«Håvard» er 19 år og går sisteåret på ein vidaregåande skule i Oslo. Han liker å spele fotball, dra på festar, og har på seg jeans og ei sort boblejakke med pels. Ein heilt vanleg gut, sett vekk ifrå ein ting: han føler ikkje seksuell tiltrekking til andre menneskjer.

– Eg har vore forelska i jenter nokre få gonger, men har aldri hatt seksuelle kjensler for dei. Skilnaden er at eg blir meir tiltrekt av personligheit. Eg tenkjer meir på andre ting, som kva eg har lyst til å fi nne på saman med ho.

SKAL SJÅ PORNO HEILE TIDA. «Håvard» er det ein kallar heteroromantisk aseksuell.

Aseksualitet er definert som vedvarande mangel på seksuell tiltrekking. Rundt ein prosent av det norske folk føler ikkje nokon seksuell tiltrekking, ifølgje tal frå SSB. Ingen i Noreg har hittil stått fram offentleg som aseksuell.

«Håvard» fortel at han har hatt sex eit par gonger, men at det ikkje gav meirsmak. «Håvard» tenkte at det kanskje var noko som kom til å endre seg over tid. Det gjorde det aldri.

– I starten ville eg ikkje akseptere det, og trudde det var noko som var feil med meg. Eg pressa meg sjølv til å ha sex, sidan eg følte det var forventa av meg, både frå partnaren og samfunnet, fortel han forsiktig.

Stemma er lågmælt. Han prøver å distansere seg frå temaet. Snakkar om seg sjølv på ein indirekte måte. Forventingane om at ein skal ha mykje sex har vore vanskeleg for «Håvard».

– I sexundervisninga på skulen lærte vi at alle gutar har lyst på sex og ser på porno heile tida, og det var aldri noko eg gjorde. Eg skjønte aldri kva det var. Eg følte at eg ikkje var ein ordentleg gut.

[ image ]
Foto: Marin Håskjold
IKKJE NAKEN: Sjølv om aseksuelle ikkje blir seksuelt tiltrukke nokre av kjønna, kan dei ofte føle romantisk tiltrekking.
– SEX ER IKKJE MI INTERESSE. «Stian» (33) driv si eiga bedrift i Oslo. Han var rundt 26 år då han fann ut at han var aseksuell.

– Eg tok ein spørjerunde med kameratane mine då eg skjønte at eg var annleis. Eg spurte dei: «Når fann du ut at du var hetero?». Alle hadde visst ei heilt tydeleg meining om når dei blei interessert i det andre kjønn, men den har aldri vore der hos meg.

«Stian» har sex ein gong i mellom, kanskje ein gong i året. Han prøver å gjere det så ofte at han ikkje gløymer opplevinga, men det er ikkje noko han har spesielt lyst til. Sex og onanering er berre ei fysisk oppleving for han, utan erotiske draumar. Det er ikkje hans interessefelt, som han seier det sjølv.

– Samfunnet forventer at sex er ei teneste ein skal levere. Folk byrjar å tenkje i dei banar veldig tidleg. Dei tenkjer at «her kan det bli noko på meg».

«You can fake it and make it» ei stund, men etter kvart blir det så jævlig keisamt at du ikkje gidd meir. – «Stian» (33)

Tidlegare følte «Stian» ei tomleik ved å gjere noko som var veldig viktig og personleg for den eine parten, men som for han var meir ei mekanisk handling.

– Det var ei grufull oppleving. Eg følte at å ha sex var noko eg ikkje burde gjere. No har eg klart å ta knekken på den kjensla. Er det ein eg er glad i, kan det hende eg ender opp med å ha sex med ho fordi det er huggeleg.

HAR SEX MED DYNA. Mange med manglande seksuell lyst kjem til klinikken til sexolog Gro Isachsen for å søkje hjelp. Ho har mellom anna hjelpt mange som ikkje har vakna seksuelt endå.

Ein sjeldan gong har ho støytt på personar som definerar seg som aseksuelle.

– Ved nærare ettersyn har dei ofte hatt eit seksualliv med seg sjølve likevel, men dei definerar det ikkje som sex. Til dømes ved å slynge beina rundt ei dyne og stramme bekkenbotnsmusklane. Det har vore ei reint fysisk oppleving utan erotiske fantasiar. Andre kan ha problem med parsex, men ha eit utmerka sexliv på eiga hand.

Isachsen trur at det aukande sexpresset i dag har mykje av skulda for at fleire unge opplever prestasjonsangst på området.

– Sex er liksom noko alle har og som er lett å få til. Det er unormalt å ikkje ha seksuell tenning. Når ein då har problem, fører det til ein vond sirkel med endå mindre lyst.

FASCINERT, MEN IKKJE FORELSKA. «Stian» hadde eit forhold i starten av tjueåra som varte i fem år, men han var aldri forelska.

– Ho var vakker og smart, og rett og slett den beste måten å bruke tida si på. Sjølvsagt var det kjærleik. Eg kan bli fascinert av menneskjer, men å vere forelska veit eg eigentleg ikkje heilt kva er.

For han er nærleik og sex to heilt ulike ting. Etter ei stund blei det likevel ei utfordring at den eine parten forventa noko som den andre ikkje kunne leve opp til.

– Det blei eit problem med sex etter kvart. «You can fake it and make it» ei stund, men etter kvart blir det så jævlig keisamt at du ikkje gidd meir. Eg klarte ikkje å yte i takt med behova til eit anna menneskje, eg blei utsliten av det, seier han.

For å unngå sexpress vel mange aseksuelle i staden å møte likesinna på datingsider. Her finn ein grupper for dei som plasserer seg i den aseksuelle gråsona, dei gifteklåre, og dei som elskar kakebaking. For dei aromantiske, dei homoromantiske, panromantiske, sapiromantiske og dei demigrå heteroromantiske.

VIL HELLER SPELE BRIDGE. Kjærleik blir heilt klart annleis utan sex, meiner psykolog og forskar Leif Edward Ottesen Kennair ved NTNU.

– Sjå for deg ein veldig god ven av det motsette kjønn som du kunne reist på ferie med og delt seng med, men likevel heldt fingrene frå fatet. Det kunne vore ditt beste ferieminne, men det hadde vore ein heilt annleis ferie enn om du hadde reist med ein du var heilt på knæra kåt etter.

[ image ]
Foto: Linn Blumenthal
EKSPERT PÅ KJÆRLEIK: Leif Edward Ottesen Kennair trur at det å ha sex med nokon som «berre ligg der» kvar einaste gong kan bli litt keisamt i lengda. – Det beste ville nok vore å finne nokon som er like lite interessert som seg sjølv, seier han.

Kennair meiner det ofte kan bli litt for mykje anten-eller-tenking.

– Sjølv om du ikkje er kåt akkurat her og no, kan du framleis vere glad i kjærasten din. Akkurat den kjensla kan ein ha heile tida.

Han kaller det for livsfølgesven-kjærleik.

– De er saman i livet og deler felles interesser, til dømes at båe er glad i å spele bridge. Det er ein person som betyr mykje for deg, som du ønskjer å vere saman med, men ikkje nokon du tenner på. Det er ikkje fullt ut det man vanlegvis meiner med forelsking.

Det fins mange forklaringar på aseksualitet, men Kennair meiner det er viktig å ikkje sjukeleggjera individet.

– Det er heilt normalt å ikkje ha lyst på sex, men det er ikkje vanleg. Alle har ikkje behov for å ha sex med andre menneskjer, og det er heilt greit. Akkurat som at nokon ser farger, og andre ikkje gjer det.

NYTTÅRSFORSETT MED MEIR SEX. «Stian» har lovt seg sjølv at i åra som kjem skal han prøve å ha meir sex, og vere meir positivt innstilt til det.

– Eg må utfordre meg sjølv litt ved å gjere ting eg ikkje alltid er like motivert for. Det kan bli samanlikna med eit nyttårsforsett om å trene meir i det nye året.

Han er open om seksualiteten sin til vener og familie, men han liker ikkje å definere seg sjølv som aseksuell.

– Det set meg i ein bås. Ved å seie at eg er aseksuell seier eg også at eg skal halde fram å vere det. Eg veit berre at eg er annleis. Eg likar å seie at eg berre ikkje er interessert.

Det er heilt normalt å ikkje ha lyst på sex, men det er ikkje vanleg. – Leif Edward Ottesen Kennair, psykolog og forskar ved NTNU

Han pøsar på med morosame one-linerar for å skildre seg sjølv. «Stian» tar lett på legninga si.

– Eg har forstått at eg har god tid då eg ikkje tenkjer på sex heile tida. 98 prosent av hjernekapasiteten min er frigjort til andre ting, seier han og skrattler.

«Stian» slit med å sjå seg sjølv i eit forhold og har ingen framtidsdraum om å stifte ein familie. Sjølv om han er ein sosial og utadvent gut, ser han for seg at han kjem til å leve åleine resten av livet.

– Eg var veldig redd for å bli einsam ei stund. Men eg har aldri vore venelaus, så kvifor skal eg byrje med det når eg blir 70? Du vel sjølv å slutte å involvere nye menneskjer i livet ditt.

FRÅ SJUKDOM TIL IDENTITET. Det er vanskeleg å tallfeste utbredelsen av aseksuelle fordi det ikkje fins undersøkingar som inkluderer spørsmål om aseksualitet, seier minoritets- og kjønnsforskar Randi Elin Gressgård ved Universitetet i Bergen.

– Det er likevel ein stor andel som svarer at dei har problemar med å kjenne seksuell lyst. Ein liten andel av disse vil kanskje seie dei er aseksuelle.

[ image ]
Foto: Marin Håskjold
LYSTLAUS LUKKE: Stian saknar ikkje sex i livet sitt. – 98 prosent av hjernekapasiteten min er frigjort til andre ting.
Gressgård fortel at dei fleste som identifiserer seg som aseksuelle er mellom 20 og 30 år, noko som henger saman med at unge er hyppige brukarar av sosiale medie, og at kontakt mellom aseksuelle hovedsakelig foregår på internett. Nettsamfunnet AVEN (Asexuality Visibility and Education Network) blei starta i 2001 med 1200 medlemmer. I dag har forumet fleire titals tusen medlemmer.

– Det er viktig å understrekje at det er stor variasjon i korleis medlemmane forstår aseksualitet og hvordan dei lever sine aseksuelle liv. Felles er likevel eit ønskje om å motarbeide den utbredte oppfatninga om at aseksualitet er ein fysisk sjukdom eller eit resultat av psykiske problem, seier ho.

Gressgård understreker at aseksuell ikkje er noko ein vel å vere, men noko ein er – i motsetnad til sølibat. Gressgård fortel at dette synet på aseksualitet som ein identitet og ikkje ein diagnose blir støtta av stadig fleire forskere innanfor psykologi og sexologi.

Ho meiner likevel det kan være vanskeleg å få aksept som aseksuell fordi seksualitet blir knytta til vitalitet og oppfatta som naturleg menneskjeleg.

– Mange føler eit sterkt normativt press på å ha eit aktivt seksualliv. Endå sterkare er presset på å ha ein seksuell identitet. For mange som ikkje føler seksuell lyst eller tiltrekking, kan identiteten aseksuell difor vere eit alternativ.

FANN LIKESINNA PÅ NETT. Det var for vel eit år sidan «Håvard» innsåg at han ikkje følte erotisk tiltrekking. Han byrja å lure på kva som var gale. Han oppsøkte lege for å teste hormonnivået, men dei seksuelle driftene var heilt normale. Grunna si manglande seksuelle interesse for jenter, blei «Håvard» meir og meir sikker på at han var homofil. Til slutt søkte han opp aseksualitet.

På AVEN blei han kjend med likesinna som hadde hatt same erfaringar som han.

– Eg fann ut at legninga mi var ein naturleg del av meg. Eg har alltid vore aseksuell, så om det er ein sjukdom må eg ha hatt den sidan eg blei født.

Håvard» har prøvd å snakke med familie og vener om legninga si, men opplever å ikkje bli trudd på.

Folk seier at det ikkje eksisterer, at det berre er taparar som er aseksuelle, og at eg er psykisk sjuk. – «Håvard» (19), aseksuell

– Folk seier at det ikkje eksisterer, at det berre er taparar som er aseksuelle, og at eg er psykisk sjuk. Andre har sagt eg er ein homofi l person som undertrykkjer kjenslene mine, eller at eg er impotent. Det er kanskje vanskeleg å forstå, fordi sex er ein så stor del av livet deira som alltid har vore der. At nokon ikkje vil ha det er fjernt for dei, trur «Håvard».

VIL BLI EIN DEL AV HOMORØRSLA. «Håvard» meiner ein blanding av tabu og mangel på kunnskap er årsaken til at mange aseksuelle slit med å vere open om legninga si.

– Det er ikkje så mykje informasjon om aseksualitet, og då er det vanskeleg for andre å vite noko om det, noko som fører til at mange er kunnskapslause.

Han tykkjer det er fint å vere rundt likesinna, og har lyst til å styrke det aseksuelle miljøet i Noreg. Han trur framtida til miljøet er å bli del av homorørsla.

[ image ]
Foto: Adrian Nielsen
SEX ER IKKJE FOR ALLE: «Håvard» har opplevd å bli ledd av på skulen då han var pålogga nettforumet AVEN. Han seier han blir møtt med lite forståing frå andre seksuelle.

– Det er viktig for fleire aseksuelle å bli ein del av LHBT-rørsla, og vi prøver å bli akseptert av LLH. I tillegg har aseksuelle byrje å organisere seg på World Pride, seier 19-åringen, som ser positivt på framtida til aseksuelle.

– Ser du ein samanheng mellom homokampen og kampen for aseksuelle?

– Dei homoseksuelle opplever meir diskriminering enn det aseksuelle gjer. Men eg vil seie at det er ein del likskapar. Før var ikkje homofili akseptert på same måte som no, og det var ikkje så mykje forsking og kunnskap om det. Det er ikkje før i nyare tid at aseksualitet har byrje å kome fram. Det er ein lang prosess, seier han.

EIN GONG ASEKSUELL, ALLTID ASEKSUELL. Nokre aseksuelle føler eit fysisk ubehag når dei har sex. Slik er det ikkje for «Håvard». Sjølv om han ikkje har behov for sex, har ikkje «Håvard» problem med fysisk kontakt. Han kan halde hender og kysse, men det er alt.

Han tviler på at han nokon gong kan få seksuell lyst.

– Det er mi orientering. Nokon er heteroseksuelle, medan andre er homoseksuelle. Det er sånn eg er, og det er ikkje noko eg kan endre med det første.

«Håvard» saknar ikkje sex i livet sitt, men innrømmer at det kanskje hadde vore lettare om han var interessert i sex.

– Det er nokre gonger eg tenkjer at det hadde vore betre om eg hadde seksuelle kjensler som alle andre.

«Stian» er nysgjerrig på korleis sex blir opplevd av andre.

– Alle forklarer at det er heilt fantastisk. Eg blir fascinert av at det har ein så stor påverknadskraft på menneskjer. Men sjølvsagt saknar eg ikkje seksuelle kjensler. Eg veit jo ikkje kva det er.

– Ikkje eit tema

Verken homorørsla eller den politisk leiinga har aseksualitet på agendaen.

– Aseksualitet er ikkje noko vi jobber med i vår organisasjon, fortel Bård Nylund.

Leiaren i Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) er klår og tydeleg i sitt svar.

– Kvifor ikkje?

[ image ]
Foto: LLH
VIL IKKJE INKLUDERE: – Aseksualitet er ikkje noko vi jobber med i vår organisasjon, fortel LLH-leiar Bård Nylund

– Vi kjempar for menneskjer som er diskriminert på bakgrunn av si seksuelle legning og kjønnsidentitet. Så vidt eg veit er det heller ingen av våre søsterorganisasjonar internasjonalt som jobbar på vegner av aseksuelle.

I dag fins det ingen organisasjon for aseksuelle i Noreg. Nylund understreker samtidig at han har forståing for utfordringane aseksuelle kan støte på når dei skiller seg frå mengda.

– Det å vere forskjellig og annleis er noko som òg mange LHBT-personar opplever. Vi heiar på alle som ønskjer å vere den dei er, uavhengig av kjønnsuttrykk og seksuelle preferansar.

Likevel meiner Nylund at heteroromantiske aseksuelle som «Håvard» ikkje passar inn hos dei.

– Aseksuelle inngår sjølvsagt i LHBT-rørsla dersom dei er lesbiske, homofile, bifile eller transpersonar.

Også hos Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er svaret kort og kontant: «Politisk leiing har ikkje høve til å gje intervju». Då departementet får spørsmålet igjen, forklarar dei kvifor.

– Aseksualitet er eit tema som verken vi eller kunnskapssenteret vårt for seksuell orientering og kjønnsidentitet, LHBT-senteret, har i portefølja, svarer dei i ein epost.