Dusken.no | Vekas album: Motorpsycho - Behind The Sun
Article Vekas album: Motorpsycho - Behind The Sun image

Vekas album: Motorpsycho - Behind The Sun

Ikkje overraskande knallsterkt frå Trondheims store søner.

Dei gjer det igjen. Gullgutane frå Trondheim, og ein frå Stockholm. Etter 25 års musikalsk aktivitet og 17 studioalbum slepp dei nok ei perle. Motorpsycho sitt splitter nye Behind The Sun er eit faktum, eit faktum du bør lytte til.

Hans Magnus «Snah» Ryan, Bent Sæther og Kenneth Kapstad har på dette albumet, lik som fjorårets fått hjelp frå svensken Reine Fiske. Ein travel kar som også er bandmedlem i Dungen, Elephant 9 og The Amazing. «Snah» fortel til NRK at etter 2012-albumet The Death Defying Unicorn hadde dei ein del låter til overs som ikkje passa heilt inn der. Det er desse, pluss eit par splitter nye, som utgjer det nye albumet. Likevel liknar ikkje Behind The Sun på albumet frå 2012, men tar heller opp trådane frå fjorårets Still Life with An Eggplant; me blir servert det same harmoniske universet.

Plata vekslar herlig mellom deileg rock av svært høg kvalitet og rolegare låter med låg intensitet og høg frysningsfaktor. «Ghost» og «Entropy» er verdt å merke seg av det siste slaget, medan «On A Plate» og «The Promise» representerer nokre av høgdepunkta kva rock, prog og riff angår. «Snah» sin sterke vokalpretasjon på fyrstnemnde er berre toppen av kransekaka. Og dei får det til å høyres så enkelt og tilbakelent ut, men me kan vere sikre på at det ligg nokre timars arbeid bak.

Behind The Sun føyer seg inn i ei lang rekke av råe album av eit Motorpsycho med stålkontroll. Dette er resultatet av ein trio/kvartett som ikkje har ofra trender, høgt platesal osv. ein einaste tanke i 25 år. Musikken har stått i fokus og dei lagar «berre» musikk dei likar. Vel, takk skal de ha, Motorpsycho. Me bukkar og neier djupt.