Misforstått og morosam diktatorkomedie

FILMANMELDELSE: The Interview er vulgær, banal, og til tider heilt på grensa til det homofobiske, men filmen er milevis frå den satiren mange trudde den skulle vere.

Publisert Sist oppdatert

Det så ei stund ut som om me aldri kom til å få sjå den nye Franco/Rogen-komedien The Interview. Nokre veker før slippdatoen vart Sony utsatt for eit massivt hackerangrep, og dei mottok truslar om eit nytt 11. september dersom han vart vist. Sony bestemte seg for å avbryte all distribusjon av filmen, og kun etter ein enorm debatt om ytringsfridom og sensur lot dei utvalde kinoer vise han, samtidig som han vart tilgjengelig på internett.

Dette var ein seier for «truth, justice and the american way», men mange vart overraska over sjølve filmen. Den er det ein burde forvente av duoen Seth Rogen og James Franco: Ein tullete komedie om to idiotar som hamnar i ekstreme situasjonar dei overhovudet ikkje har forutsetningar for å takle. Likevel hadde folk antatt at filmen var ein bitande satire som skulle tvinge Nord Korea i kne, og med det som utgangspunkt hagla kritikken.

La det vere sagt: The Interview tar ingenting seriøst, og er langt frå nyansert, noko som burde vere tydeleg allereie i plottet. Franco og Rogen spelar henholdsvis Talkshow-verten Dave Skylark, og produsenten hans Aaron Rapaport, som har fått ein intervjuavtale med Kim Jong-Un, spilt knallsterkt av Randall Park. Før dei får reist til Nord-Korea vert dei kontakta av ein CIA-agent, som vil at dei skal gripe anledninga til å ta livet av diktatoren. Dei går med på det, men Skylark byrjar raskt å bonde med Kim Jong-Un, som visar seg å vere ein stor fan.

Kim visar fram eit idyllisk og rikt Nord-Korea, før dei køyrer tanks, drikk og snakkar om kor mykje dei likar Katy Perry. Det er male bonding og bromance på høgt nivå, og Skylark får kalde føter med tanke på attentatet. Samtidig klekker Rapaport ut ein plan om å ikkje drepe han likevel, men heller bruke intervjuet til å avsløre diktatoren som eit menneske, og dermed audeleggje avgudinga av han.

Kim visar fram eit idyllisk og rikt Nord-Korea, før dei køyrer tanks, drikk og snakkar om kor mykje dei likar Katy Perry.

Plottet ligg likevel berre i bakgrunnen, og fungerer stort sett mest som overgangar mellom ulike situasjonar karakterane kan boltre seg i. Humoren oppstår i forhaldet mellom Skylark og Rapaport, mellom dei to og sinte, blodseriøse millitærpolitimenn, i romansen mellom Rapaport og den unge, kvinnelege soldaten Sook, og bromancen mellom Skylark og Kim Jong-Un.

Særleg den sistnevnte er svært morosam, og fyrste gong dei møtast framstår Kim Jong-Un som ein usikker og starstruck tenåring som raskt gjer Skylark til ei farserstatning. I ei scene sit dei i ein tanks frå Sovjet-tida, og Kim spør Skylark om margarita-drinkar er homo. Det kjem fram at dette er noko faren, Kim Jong-Il, hadde sagt, men Skylark seier at ein ikkje vert mindre maskulin av å drikke drinkar eller å høyre på popmusikk, og det vert til tider nesten rørande.

Noko som skiljer The Interview frå andre avbildningar av diktatorar, til dømes Kim Jong-Il i Team America: World Police, er kor menneskeleg Kim Jong-Un framstår. Han har styrkar og svakheiter, og vert framstilt som ein nyansert og nokon gongar som ein sympatisk fyr, i alle fall mykje meir sympatisk enn den offentlege figuren han er i røynda.

Eg kjenner til og med at biletet mitt av han har mildna noko på grunn av denne filmen, og at denne humaniseringa er noko regimet i Nord-Korea kunne ha tent på.

Eg koste meg med The Interview. Det er ingen som heilt klarar å kopiere den enorme kjemien som Seth Rogen og James Franco har, og viss du likte dei tidlegare filmane deira, Pineapple Express og This is the End, eller ein av dei lignande filmane Superbad og Neighbors, kjem du til å like denne og.

Som med dei andre filmane er det vulgært, banalt, og til tider heilt på grensa til det homofobiske, og filmen er milevis frå den satiren mange trudde den skulle vere. Tenk heller Hitler i Inglourious Basterds enn Kim Jong-Il i Team America. Likevel er han godt skrive, og sjølv om heile premisset for filmen er noko jingoistisk og stereotyp, føler eg aldri at humoren er på bekostning av nokon.

Gå på kino, og feir ytringsfridomen din med filmen som nesten starta tredje verdskrig.

Powered by Labrador CMS