Burde kjønnspoeng avviklast?

Christoffer Vikebø Nesse, studentkontakt i Tekna Student NTNU, tek til orde for å avvikle bruken av kjønnspoeng. Han håpar at Studenttinget og NTNU-styret vil jobbe for det same.

Tekst: Christoffer Vikebø Nesse, studentkontakt i Tekna Student NTNU

I gamle dagar var det omtrent like mange kvinner som studerte ved NTH, som det i dag er ledige treningsapparat på idrettsbygga til SiT ein måndagskveld. Alt var ikkje betre før, og i 1978 vart kjønnspoeng innført. Sidan den gong har jentedelen auka til 37,8 prosent for alle NTNUs realfag- og teknologiprogram. Truleg er ikkje denne forbetringa ein synergieffekt av kjønnspoeng. Ein medverkande orsak kan vere at samfunnet har endra seg – kvinner må ikkje lenger nøye seg med fagskular for husstell.

Bruken av gutepoeng og jentepoeng er prinsippielt urettferdig

Ein kan jobbe for likestilling utan å etterstrebe absolutt kjønnsbalanse for ein kvar pris. Gutar som i dag ønskjer å studere teknologi og realfag startar heilt i frå fødselen av sist i køen. Kjønnspoeng har ein ikkje moglegheit til å hente inn, uansett kor hardt ein jobbar. Dette er ein prinsipiell urettferdigheit. Av same prinsipielle overtyding er eg og i mot å innføre kjønnspoeng, eller «guttepoeng», på kvinnedominerte profesjonsstudiar. Psykologisk institutt ved UIO vurderer å innføre kjønnspoeng, men skal før årets samordna opptak arrangere «guttedagen». Kanskje NTNU burde prøve det same?

Kva får dei beste kandidatane til å søke?

Kjønnsbalanse er viktig på mannsdominerte ingeniørstudiar, og truleg endå viktigare i profesjonsutdanningar som til dømes lærar, medisin og psykologi. Men, diskusjonen om kjønnspoeng handlar ikkje om me tykkjer at kjønnsbalanse er viktig eller ei. Det må først og fremst vere ein diskusjon om kjønnspoeng faktisk får fleire av dei beste kandidatane til å søkje. I 2014 var 65 prosent av dei som fullførte høgare utdanning på landsbasis kvinner, og det er nettopp kvinner som går ut i frå vidaregåande med best resultat. Dersom jenter til dømes ønskjer å verte sivilingeniørar, så kan dei det, utan kjønnspoeng!

Tekna Student ønskjer å avvikle kjønnspoeng

Tekna Student har lenge meint at det ikkje er ønskeleg å nytta kjønnspoeng som eit middel for å betre kjønnsbalansen, og har derfor vore ein forkjempar for å satse på andre rekrutteringstiltak, som bevisstgjering på nytten av realfag og teknologi allereie i grunnskulen. Som NTNU, har Tekna Student i denne saken vore usikker på om det er hensiktsmessig med ein absolutt avvikling av kjønnspoeng, sidan konsekvensane er vanskelege å spå. Ein treng ikkje å vere rakettforskar for å innsjå at ein konsekvens er at nokre gutar og jenter på vippegrensa vil byte plass, men eg tykkjer ikkje at dette gjeld mange nok til å forsvare den prinsipielle urettferdigheita kjønnspoeng medfører.

Erna Solberg sa denne helga blant anna til Tekna Student sitt årsmøte at «kunnskap er den nye oljen». Oljeprisens dramatiske fall kan ha ført til at oljefondets topp er nådd, mange år tidlegare enn venta, og kanskje allereie i år. Velferdsstaten er truga, og for å oppretthalde den, samt å realisere NTNU sin visjon «Kunnskap for en bedre verden» er me heilt avhengig av dei beste hovuda. Denne helga vedtok Tekna Student på nasjonalt nivå i sitt politiske prinsipprogram at «Kjønnspoeng må avvikles, fordi vi ønsker like muligheter ved opptak til høyere utdanning», som er eit slag for at me ønskjer opptak av dei beste kandidatane, uavhengig av kjønn. Me må verte flinkare på å bevisstgjere gutar og jenter på kor i samfunnet det i framtida er størst behov for dei, og det kan me få til utan kjønnspoeng.

«Jentedagen» fungerer

Ingvald Strømmen, dekan ved fakultet for Ingeniørvitenskap og Teknologi, har ved fleire høve trekt fram arrangementet «Jentedagen» som ein av dei viktigaste årsakene til at kvinneandelen har økt. Eit veldig godt eksempel på at jentedagen fungerer er Ingeniørvitenskap og IKT, som hadde 15 prosent kvinner som starta i 2010, og heile 37 prosent I 2014. Det er rimeleg å anta at det ikkje var kjønnspoenga som plutseleg fekk enormt langdrygde etterverknadar. Rettferdigheit må leggjast til grunn for debatten

Onsdag 11. mars skal kjønnspoeng opp til diskusjon i NTNU-styret, og førstkomande torsdag, 19. februar, skal Studenttinget revidere sin politikk kring kjønnspoeng.

Dersom det nye Studenttinget konkluderer med at dei er i mot kjønnspoeng, håpar eg at dei tør å vedta noko like tydeleg, og helst det same som Tekna Student, slik at NTNU-styret får eitt innspel dei bør ta til etterretning. Dersom Studenttinget er ueinig, ser eg fram til vidare debatt før saken skal opp i styret.

Powered by Labrador CMS