VEKAS ALBUM: Destroyer - Poison Season

Storslått og malankolsk oppfølgjar av Destroyer.

Publisert Sist oppdatert

Kanadiske Dan Bejar gjer det igjen. Med sitt soloprosjekt Destroyer lagar han atter eit praktfullt album som vil bore seg inn i hjernen din. Hans store gjennombrot kom med Kaputt i 2011, elska av både kritikarar og publikum verda over. No er oppfølgjaren her. Len deg tilbake og la Poison Season skyllje over deg.

Albumet famnar om så mange kjensler at det er vanskeleg å vite kvar ein skal byrje. Ta til dømes den som breiar seg om deg med ein gong du trykkar «play» og lyden av «Time Square, Poison Season I» treff øyra dine. Det startar rett på den triste delen av det romantiske dramaet, der alt går gale. Elegant, og heilt fritt for kleine tårer må du vite, med skjelvande og intense strykarar. Deretter eksploderer alt i eit inferno av blåsarar med «Dream Lover». Denne skal me danse oss sveitte til i haust, medan me syng med på den dystre, men vakre frasen:

«I think I used to be more fun. Oh shit, here comes the sun»

Eit herlig nikk til The Beatles.

Melankolsk tekst saman med lystig lyd får me også i «Hell» der Bejar gjentar «It’s hell down here, it’s hell» over lukkeleg gitar og søt tverrfløyte. Med dette sporet kan du drøyme deg bort til 1930 eller -40 åras klassiske Manhattan, med kjolar som går ned til midt på leggen og hattar på snei.

New York går att som ein raud tråd gjennom albumet. Singelen «Time Square» blir presentert i tre ulike drakter utan å bli overflødig. Alle variantane av komposisjonen er storslåtte, vakre og har sin fullt fortente plass på albumet.

Innom Broadway skal me også med «Midnight Meet the Rain» som like gjerne kunne vore det beste nummeret i ein musikal av Andrew Lloyd Webber.

Albumet blir sluppe fredag 28.08.15. Destroyer står på scena på Parkteatret i Oslo 18. november. Då burde me alle lausrive oss frå studielivets kvasse klør og ta del i Bejars briljante univers.

Powered by Labrador CMS