Nyheter
Debatt
Kommentar
Reportasje
Portrett
Forskning
Forbruker
Sport
Kultur
Musikk
Anmeldelse
Underholdning
UKA
ISFiT
Pstereo
Øyafestivalen
Festningen
Article - Veit egentlig ikkje kva aroma betyr. image

- Veit egentlig ikkje kva aroma betyr.

Juleøla er på plass, men taparen kan like gjerne erstattast med springvatn. Vi har testa årets variantar.

Eksamenar nærmar seg med stormskritt, men journalistane i forbuker-seksjonen gjer sitt beste for å gløyme nettopp dette. Å ha ein høgtidleg test av årets juleøl var ei verdig unnskylding. Ølsmakinga vart gjennomført som ein blindtest, og med julemusikk på anlegget vart den første ølboksa åpna.

Ringnes juleøl:
Panelet er spent på første øl, men vert fort skuffa. Alle er sikre på at dei har fått servert den alkoholfrie øla Clausthaler.

Simen: Æsj, dette minner om festival, men ikkje på ein god måte. Det er litt sånn at det er den siste øla som er igjen etter at den har blit kasta rundt i ein plastpose i ei veke. Skikkeleg ekkel og tam.

Stian: Om det er alkohol i denne, vil eg tru det er umogleg å drikke seg full, for ein blir skikkeleg mett av den!

Thorstein: Denne er det jo ikkje alkohol i, dessuten er den skikkeleg ekkel.

Andrè: Vel, god er den ikkje, men den går til nøds.

Stian: .. Men alt går jo til nøds når det gjeld alkohol.

Terningkast 2

Tuborg juleøl:

André: Denne kan eg leve med.

Stian: Denne kan eg drikke meg skikkeleg full på!

Simen: Altså, eg tykkjer ikkje at det smakar rugbrød, sånn skikkeleg godt juleøl gjer.

Thorstein: Den er jo heilt smakløs.

Terningkast 3

Lade gaards juleøl

Etter to skuffande ølglass blir neste brygg teken godt imot. Andrè kommenterar at han begynner å bli småbrisen, og Stian prøvar å verke smart ved å bruke framandord.

Thorstein: Denne smakar mykje betre enn den luktar. Eg trur den er veldig god til mat.

Simen: Den er veldig frisk, men personelig synst eg at det er lite smak i den.

Andrè: Denne smakte jo sjukt godt, men det kan vere fordi eg begynner å bli full. Har ikkje ete idag, nemlig.

Stian: Denne har mykje aroma! Eller, eg trur den har mykje aroma. Veit egentlig ikkje kva aroma betyr. Dette er ein sånn øl eg ville drukke om eg satt åleine på julafta, liksom.

Ternikast 4

Santa Clausthaler:
Den fjerde øla I rekka var alkoholfri. Eg hadde håpa at gjengen hadde drukke nok til å ikkje merkje dette, men der tok eg feil.

Simen: Aha! Nå fekk vi clausthaleren ja. Den er verkeleg ikkje god.

Thorstein: Eg drikk heller vatn enn å drikke dette altså. Denne ølen er ein god grunn til at ein bør drikke alkohol.

Stian: Dette ser ut som funsaft, men den smaker ikkje noko gøy.

Andre: Det smakar ein blanding av vatn og farris. Skikkeleg bortkasta øl.

Terningkast 1

Dahls julebrygg
Alle visste at det kun var ein alkoholfri øl i testen, og no såg panelet fram til å få smake litt “ekte” øl igjen. Ein kunne merke at ølet forsvant fort, og forteljingane byrja å bli smådrøye. Simen sitjer og skriv ned eigne notatar, og gjettar kva type øl han får servert.

Andrè: Dette ølet vert ein ikkje full på. Det er typ koseøl.

Stian: Ja, dette er den type øl ein kan drikke i familieselskap i romjula. Du veit, når alle tanter og onklar lurar på kva du studerar, og du må svare absolutt det samme til alle som spør. Då er det greit å vere litt småfull, men ikkje for full.

Thorstein: Det er ingen alkisøl, og det er ein bra ting. Dette er skikkeleg juleøl, mørkt og godt.

Simen: Denne hadde den fine kryddersmaken eg har lengta etter i dei førre øltypane!

Terningkast: 5

Dahls juleøl
Etter å ha smakt på kveldens så langt beste øl, var det ingen som reagerte negativt når dei fekk servert øl frå samme bryggeri. Den einaste forskjellen på denne typen, var at Stian meinte at denne passa betre til “første juledags-fylla”, enn “juleselskaps-brisen”. Thorstein meinar at dette var den absolutt beste, og blir hissig når nokon seier imot.

Andre: Eg har på følelsen av dette er grans, og det er ikkje ein bra ting.

Thorstein: Det er jo ingen tvil om at denne er den beste så langt! Det er ikkje noko å diskutere eingong.

Stian: Denne ligner på den forrige, men den er ikkje like tung. Eg kan liksom bli skikkeleg full på denne, og damene skikkeleg fine.

Terningkast 3 (Til stor protest frå Thorstein)

Hansa juleøl:
Alle er einige om at dette ser ut som julebrus, men at det ikkje smaker julebrus. Ein merkar at dette er ein smart gjeng. Thorstein som til vanleg hatar alt som heiter allsang, innrømmer at dette er ølet som kan få til å stemme i på julesongar. Andrè har blitt fnisete, og er generelt nøgd med alt.

Thorstein: Er det ein øl som kan få meg i humør til å synge, så må det vere denne.

Andre: Denne kan ein drikke mykje av. Eg vil drikke den på julebord!

Stian: Ja, dette er ein flott øl for julebordet. Eg kan bli typ “danse i undertøyet på bordet-full” av denne.

Simen: Dette er julegøy-øl. Har ingenting negativt å sei.

Terningkast: 5 - TESTVINNER!

Grans ekte jul:
I full viten om at dette er den minst populære øltypen hjå testpanelet, såg eg fram til reaksjonen når ølglasset vart servert. Det vart enda verre motteken enn forventa. Simen ynskjar å betale produsentane for å stoppe å brygge juleøl. Andrè meinar det funka bra på eit nach, og Stian meinar at alt funkar på eit nach.

Thorstein: Æsj fyfaen nei.

Andre: Dette må vere grans.

Simen: Har dette ølet blitt brygga på svisker eller?

Stian: Om eg frivillig skulle ha drukke dette, måtte det vore heilt tomt i kjøleskapet elles.

Thorstein: Den einaste grunnen til at den ikkje får strykkarakter, er at den har alkoholprosent.

Terningkast 2