Øyafestivalen
Samfunnet bak Samfundet
ISFiT
Pstereo
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Underholdning
Article Eit hus med tusen moglegheiter image

Eit hus med tusen moglegheiter

Samfundet har opptak. Men kva skjuler seg eigentleg bak veggane på det runde røde?

Som student i Trondheim er det nærmast umogleg å ikkje få med seg at det er opptak på Samfundet. Ivrige gjengmedlemar står på stands, informerar i forelesingar, og delar reklambilete på sosiale medium. Når det er eit stort antal ulike gjengar som søker nye folk, får ein fort mykje forskjelleg informasjon. Det kan difor vere forvirrande å forstå kva Samfundet faktisk har å tilby deg som gjengmedlem.

Sosialt nettverk

Linn Christin Haugen, leiar for Samfundet, meinar at eit verv på huset bidreg til ein meir meiningsfull kvardag.

– For det første får ein eit veldig stort sosialt nettverk. Ein får også lære seg ting ein kanskje elles ikkje ville hatt moglegheit til. Her kan ein til dømes prøve seg som kokk, eller ein kan hjelpe til å styre lyd og lys under store konsertar. Du vil få ein heilt ny kvardag, mykje god erfaring og nye vennar, også utanom studiet ditt.

Kompetanse

Variasjonen i oppgåvene til gjengane er stor, og Haugen understrekar at dei søker etter alle typar personar. Til dømes er det heile ti ulike gjengar som er kategorisert under «drift». Her finn ein alt frå markedsføring, regi, foto, og den største gjengen på Samfundet: Kafè og serveringsgjengen (KSG).

Mari Michelsen jobbar som barsjef i KSG, og meinar at ein utviklar seg som person om ein engasjerar seg som frivillig.

– Du er ein del av eit enormt fellesskap, og du får moglegheit til å prøve deg på noko du egentleg ikkje har kvalifikasjonar til å gjere. I mitt tilfelle får eg vere med å drive barane på Samfundet, seier ho.

Vidare meinar Michelsen alle kan finne ein gjeng dei passar inn i, og meinar at personar som søkjer nye venner, og som vil vere ein del av eit felleskap, er gode kandidatar til å få eit verv på Samfundet.

Motiverande

Gjengsjef i ein av dei kunsteriske gjengane, Studentens Interne Teater, Therese Gjeltsen, meinar at det er fantastisk å jobbe saman med ei stor gruppe menneske, som har samme interesse som seg sjølv.

– Alle er så motiverte til å lage noko bra saman, og då vert det automatisk veldig kjekt å bruke tida si på Samfundet. Vi er ein gjeng på 70 studentar, så ein finn utan tvil nokon ein trivst saman med, forklarar ho.

Gjeltsen meinar det er trist at nokon studentar aldri får oppleve det unike fellesskapet.

– Eg tykkjer synd på dei som studerar i Trondheim, men som aldri har jobba som frivillig. Så alle som har mogelgheita bør ta ein sjanse, og søke på årets opptak.