Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article – Samanhengar er avgjerande for politisk gjennomslag image

– Samanhengar er avgjerande for politisk gjennomslag

Norsk studentorganisasjon (NSO) har ei rik breidde i politikken, det er viktig og avgjerande for ein interesseorganisasjon som jobbar for politisk gjennomslag.

Ein må verta enno betre på å synleggjera den store breidda i politikken. Vidare må ein tydeleg få fram samanhengane i politikken til NSO, samanhengar som vil styrka bodskapen og sikra gjennomslag i åra som kjem. Betra studentøkonomi har lenge vore ein viktig sak for NSO, kvifor? Fordi det er viktig for utdanningskvaliteten og fordi det framleis skal vera lik rett til utdanning i Noreg. Me kjempar ikkje for fleire studentbustadar og meir studiestønad fordi me skal få ein meir luksuriøs studiekvardag, me gjer det for at studentar skal ha høve til å vera nettopp studentar.

Studentar som kan studera på fulltid er viktig for at ein skal kunna stille større krav og for å kunna følgja studentane tettare opp. Auka studiekvalitet, auka krav til studentane og tettare oppfølging vil få ned fråfallet. Lågare fråfall er bra både for studentar, institusjonar og samfunnet som heilskap. Det heile heng saman. Slike samanhengar i politikken finn ein overalt, desse må me verta betre på å synleggjera.

På same måte finn ein samanhengar i organisasjonen. Til dømes må ein verta betre på å utnytta samanhengen mellom lokale studentdemokrati og sentralleddet i NSO. Då er det viktig å sikra at dei lokale studenttillitsvalte vert følgde opp av arbeidsutvalet og sekretariatet nasjonalt. Men like viktig er det å utnytte kvarandre sine styrkar for å sikra størst mogleg gjennomslag for studentrørsla.

Ta til dømes lokalvalet som kjem no til hausten. Dette er eit glimrande døme på ei hending der ein bør utnytta kvarandre sine styrkar for å få mest mogleg gjennomslag. NSO sentralt bør løfta utdanning og viktigheita av dette kontinuerleg, samstundes som ein støttar opp om medlemslaga i deira arbeid med å løfta studentsaker inn i den lokale valkampen. Landet over bør lokale medlemslag støtta av NSO arrangera debattar mellom listetoppane der ein set utdanning og studentsaker på agendaen. Slik utnyttar ein kvarandre sine styrkar i arbeidet med å få mest mogleg gjennomslag for våre felles mål.

Om ein lukkast med å få mest mogleg ut av dei organisatoriske samanhengane samstundes som ein får synt fram alle dei politiske samanhengane vil dei kommande åra bli svært gode for NSO. Desse samanhengane er nemleg avgjerande for kva politisk gjennomslag ein skal få dei neste åra.