Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Ingen interesse for listeval ved NTNU image

Ingen interesse for listeval ved NTNU

Studentinget vil ikkje ha partipolitisk innblanding på studentpolitikken.

Etter fusjonen må Studenttinget finne ein ny måte å organisere seg på for å representere studentermassen på best mogeleg måte. I den anledning har arbeidsutvalet sendt ut ei høring kor dei drøfta forskjellige mogelege modellar og ba om høringssvar frå studentråda.

Eit alternativ var listeval, slik ein har ved universitetet i Oslo og i Bergen. Høringsfristen gjekk ut 29. februar. I svara har det blitt gjort eit poeng av at dagens valordning har gitt eit slagkraftig Studentting. Derfor hadde ingen studentråd anbefalt å gå over til éin valkrets og listeval.

Listeval aktiviserer

Både ved Universitetet i Oslo og i Bergen har ein eit listevalsystem til studentparlamentet. Det betyr at studentane organiserser seg i lister som stiller til val. Systemet kan minne mykje om stortingsvalet i Noreg, der listene oppfører seg som politiske parti og studentparlamentet er Stortinget.

— Ein fordel med listevalordninga hos oss er at ein har fleire som er aktive i valkampen, seier leiar i studentparlamentet ved UiB, Johanne Vaagland. Ei liste har som oftest fleire aktive kandidater enn plassar dei til slutt får i parlamentet.

Leiar i studentparlamentet ved UiO, Julie Sørlie Paus-Knudsen, er einig i at listene skaper engasjement for studentdemokratiet i Oslo.

— Du har mange drivkreftar på forskjellige sted i dette studentdemokratiet. Kvar liste er sin lille motor som jobbar hardt for å rekruttere, motivere og informere om studentdemokratiet.

Det er ni lister som stiller til val ved UiO i år. Det betetyr at det er ni forskjellige organisasjonar som jobbar mot valkampen nå og får med fleir til studentdemokratiet. Paus-Knudsen synast initiativet frå listane er svært positivt.

— Dei har også sine eigne arrangement, quizar, feministisk aften, debattar om klima, veldig mykje engasjement blant listene og mange arrangementar som dei lagar heilt sjølv og det trur eg er kjempepositivt, for alt er jo i den studentdemokratiske ånden.

Skepsis til ideologi

I dag går plassane i studenttinget ved NTNU til tillitsvalte som er valt gjennom urneval der ein stemmer på kandidatar frå sitt fakultet. Dette systemet har ein også delevis ved studentparlamenta i UiO og UiB der kvart fakultet er representert med ein tillitsvalt, men det er dei listevalte som har fleirtall.

Jone Trovåg, leiar i Studenttinget, trur skepsisen mot listeval blant studentpolitikarane i Trondheim grunner i ein frykt for partipolitisk innblanding. Han meiner den ideologiske partipolitikken ikkje har mykje med studentpolitikk å gjere.

— I eit listeval er ein grunnleggande ueinige, men i systemet vi har nå er det basert på konsensus. Med eit listesystem har ein eit meir fraksjonert system der listepolitikarane er meir opptatt av å fremme sin poltikk i staden for fellesskapets interessar, seier Jone Trovåg.

Vaagland synast derimot at den ideologiske bakgrunnen til listene er bra for studentane, det gjer det lettare å stemme på nokon med same verdisett som seg sjølv.

— Listane er med på å få fram ueiningar. Eg synast ueiningar er sunt.

Høgare oppslutning i Bergen

Studentparlamentet ved UiB fekk eit rekordval ved forrige val våren 2015 med 22 prosent oppslutning. Samtidig gjekk UiO ned til ca 14 prosent. Her i Trondheim fekk studenttinget i fjor 12 prosent oppslutning.

— Det er ikkje valordninga som er problemet. Vi trur ikkje at listeval vil få opp oppslutninga her i Trondheim. Det handler heller om å nå betre ut til fakulteta og kordinere betre med studentråda på fakulteta, seier Jone Trovåg.

I Bergen har dei eiget valstyre med eiget budsjett som arrangerer valet og valkampen.

— Valdeltakinga er framleis låg her, så vi har eit stort forbetringspotensiale. Samitidig er studentpolitikk ikkje som vanleg politikk, ein er berre student i ein liten del av livet, seier Vaagland.

Liten interesse i Trondheim

Studenttinget behandla ny organisering av studentdemokratiet forrige veke. Heller ikkje her blei det nokon debatt rundt listeval. Trovåg seier at det ikkje verker som det er nokon interesse for denne valordninga i Studenttinget.

Både Vaagland og Paus-Knudsen poengterer at det er opp til kvart enkelt studentdemokrati å finne fram til ein valordning som passar dei.

— Eg trur at kvar instituasjon må velje sitt eiget system basert på kva historien og kva kultur er og kva studentane ønskjar, og eg trur det er det systemet som vil fungere optimalt for den instituasjonen, seier Paus-Knudsen.