Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Ein skatt blant skrotet image

Ein skatt blant skrotet

Diaries of a Spaceport Janitor er eit velkome tilskot til samfunnskritikken.

Mange trur at dei beste science fiction-spela har budsjett som står til ideane sine, men den viktigaste sci-fi-en i vår tid er ikkje den med mest pomp og prakt. Det er den som abstraherer, vrir, og utvidar samtida sine kampar til ei fjern fabelverd av sosial otting og teknologisk utvikling. Sci-fi er den mørke, rare spegelen vi held opp mot røynda, like menneskeleg som den er teknologisk.

Diaries of a Spaceport Janitor er eit spel i den tradisjonen. Du, ein blå og androgyn gatefeiar, må klare deg i ei verd som ikkje bryr seg så lenge du gjer jobben din, og den jobben er enkel: vandre gatelangs og plukke opp det søppelet du finn.

Nokre av tinga kan du selje til ein av dei mange marknadsbodane i byen, men det meste er totalt verdilaust. Uansett, brenn du det ikkje, får du ikkje betalt. Valet mellom å behalde noko potensielt verdifullt eller berre brenne det for å overleve dagen, heng tungt på skuldrene dine. Oddsen er ikkje i din favør, men løna for å finne noko verdifullt er enorm.

Enno meir freistande er gulrota av utforsking og eventyr som heng føre di underernærte nase. Diaries speler på sjangerforventingane med omhug: du drøymer stadig om å bli tatt inn av trolldomslauget, eller utforske grenselanda i det fjerne med ein haug romvesen i nakken. Vandrande gatelangs mellom fargerike bygg og romvesen er det så mykje rom og moglegheit, men det er stadig utanfor rekkjevidda di.

Diaries tek slik opp ei rekkje tema: ulikskap, identitetspolitikk, splitting, og det å vere ung. Spelet kommenterer ikkje desse tinga på grunn av ein eller annan vag og avansert intensjon, men fordi det er laga av folk som vaks opp i ein trykkokar av inntrykk og forventingar. Dei tar sci-fi-sjangeren og gjer det til noko eige, emosjonelt og skøyrt. Ein merkar referansane til speldesignarar som Porpentine og Nina Freeman, og alle andre som nektar å laga sci-fi som ikkje er personleg, rart, eller politisk.

Gjennom å byggje ei bru mellom våre liv og dei draumane vi omgjev oss med, vil spelet få fram at det einaste vi faktisk eig er vår eigen fantasi. Det er noko vakkert med den tanken: at det er det fantastiske, det surreale, det rare, som kan frigje gatefeiaren.