Vilt scenerom, tamt spel

Til trass for ein fengselsaktig scenografi klarar ikkje Vildanden å fengsle publikum.

Publisert Sist oppdatert

Haustens storproduksjon Vildanden av Henrik Ibsen hadde laurdag 23. september premiere på Trøndelag Teater. Sjølv om aktørane skryt av sylskarp presisjon, imponerer oppsettninga mest med antal daudpunkt.

Skodespelet manglar ei genuin drivkraft, og det tek lang tid før ein i det heile hentar essensen av handlinga. Det er frå byrjinga vanskeleg å etablere nokon som helst relasjon til karakterane. Likevel er det fleire enkeltprestasjonar som stundom utmerkar seg. Dessverre vert dei som oftast brotne av daudpunkt. Det er fleire scener som avsluttas med miming av ulik karakter. Tidvis fungerer det som humoristiske sekvensar, men for det meste ser det ut som ei tiendeklasseoppsettning med manglande rekvisittar. Oppsetninga treff likevel blink i utforminga av scenografien. Det er eit svært gjennomført scenerom som gjennom heile førestillinga vert brukt i alle endar. Første scene har eit slags fengselsaktig forheng som framkallar epileptiske tendensar hos sjåaren, likevel utviklar scenerommet seg utover i spelet til å bli særs estetisk. Den imponerande scenografien er dessverre ikkje nok til å halde på merksemda til publikum gjennom dei mange daudpunkta.

Som ei eineståande samfunnssatire, full av overtydelege metaforar, er Vildanden blant dei mest spelte stykka av Ibsen. Med tematikk som utroskap, ekteskapsbrot og intrigar, held Vildanden sin aktualitet, både på scena og i norskfaget, utan ståande applaus frå elevane si side. Heller ikkje denne oppsettinga vil nok freiste ungdomsskule- og vidaregåandeelevar til å dyrke ei vidare interesse for verken Ibsen eller teateret. Rollekarakteren Hedvig Ekdal, spela av Kathrine Thorborg Johansen, imponerar på scena og etablerer nok den største sympatien blant sjåarane. Likevel speglar rolletolkninga meir ein åtteåring enn nokon på 14, og det vert også naudsynt vanskelegare for nokon i denne aldersgruppa å identifisere seg med karakteren. Skodespelet når nok difor i hovudsak eit eldre klientell, sjølv om vi alle kan kjenne sympati med eit barns kjærleik og naivitet.

Dersom du har ei interesse for Ibsen og teater vil du nok kome deg greit gjennom denne førestillinga. For det er nettopp det ho er: heilt grei. Den har fine augneblink, med ein gjennomført regi og flotte enkeltprestasjonar. Eit barns unektelege kjærleik blir på nytt offer for ekteskaplege intrigar. Stykket byr på rørande augneblink, men klarar dessverre ikkje å halde på merksemda. Ein oppsiktsvekkjande slutt vert ikkje underbygga av ei overausande sympati for karakterane. Handlinga er trist, men det mest dramatiske var likevel då underteikna byrja å blø naseblod.

Powered by Labrador CMS