Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Kunstpris i verdsklasse image

Kunstpris i verdsklasse

1. oktober opna prisutstillinga Lorck Schive på TKM. Med ein samla verdi på 1 100 000 kroner er det blant verdas største kunstprisar.

Lorck Schive er ein høgtståande kunstpris som annakvart år vert arrangert i samarbeid mellom Christian Lorck Svhive og hustrus legat og Trondheim Kunstmuseum (TKM). Prisutdelinga starta i 2013 og vert i år arrangert for tredje gong. Formålet med kunstprisen er å skape debatt og interesse rundt samtidskunst ved å heidre framståande kunstnarar. Dei nominerte kunstnarane er Mattias Härenstam, Knut Henrik Henriksen, Lars Laumann og Vibeke Tandberg.

Samla premiepris på 1.1 millionar

Fire uavhengige organ nominerer ti kandidatar. Kriteriene for å bli innstilt er at ein i tillegg til å ha eit framifrå kunstnarisk verke, enten bur eller arbeider i Noreg, samt er under 50 år.

Sjølv om vinnaren mottek 500 000 kroner, går taparane hen med ein «trøstepremie» på heile 150 000 kroner for produksjon av verk. Med ein samla premiepris på 1 100 000 kroner, er det ein av verdas største. Vinnaren av årets pris vert offentleggjort 12. november.

Arrangør Ida Grøttum seier TKM er interessert i eit tettare samarbeid med studentmiljøet i Trondheim framover, særskild då det vert arrangert same år som UKA.

– Vi ønskjer å vise kva Trondheim som kulturby har å tilby, då eg trur studentane ofte ikkje veit kva moglegheiter som fins i byen, seier ho.

Les hva vår anmelder syntes om utstillinga her: Hvit bjørk i et hvitt rom

Ein av dei største stoltheitene

Prisutstillinga kan sjåast på Trondheim Kunstmuseum frå 1. oktober 2017 og står i om lag fire månadar, der studentinngang kostar 50 kroner.

Inntektene til landets største kunstpris kjem frå festeavgifter frå drøyt 90 festetomter i Trondheim. Historia om mannen bak kulturprisen vert av arrangørane skildra som ein av dei største stoltheitene til Trondheim som kulturby. Familien eigde store arealtomter over heile byen, mellom anna Gløshaugen og Øya. På Lorck Schives initiativ vart ein del av desse inntektene delt ut til unge lovande norske kunstnarar, og tradisjonen lev no vidare gjennom kunstprisen.