Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Ein agnostikars erkjenningar image

Ein agnostikars erkjenningar

Dersom du, som potensielt agnostikar eller ateist, høyrer nokon seie dei er kristne, kva tenkjer du då?

Då eg var lita var eg kristen. Eg gjekk i sundagsskulen, song i både kyrkje- og bedehuskor. Seinare deltok eg i Krik, og blei deretter religiøst, politisk korrekt i alle samtalar. Kvar gong nokon kom med ein halvrasistisk kommentar var eg tidleg ute med å sei dei i mot, gjerne etterfølgt av ei forklaring av at alle menneske er like mykje verdt. Om nokon skulle meine noko anna var dei openbart underutdanna. Kvar denne kristne trua kom i frå veit eg ikkje.

Eg trur mange av fordommane mot kristendommen er danna på enkeltmenneskes utsagn om til dømes abortlova og «Nei til homoflt ekteskap». Dessutan har nok ikkje forkastinga av evolusjonen i enkelte miljø vore heldig for ryktet rundt religionen. Likevel lurar eg på om det held på å vekse seg eit tabu rundt det å faktisk kalle seg kristen og truande. Har Noreg blitt så sekulært at ein ikkje lenger aksepterer den tidligare statsreligionen?

Ofte tar eg meg i desse fordommane. For ein tenkjer vel at dei som er kristne er litt «dumme». Det dei trur på verkar jo litt utdatert, gjer det ikkje? Ein kompis av meg vart ein gong «anklaga» for å vere kristen. I augneblinken av samtalen meldte han seg ut av statskyrkja. Er ikkje kristne berre ein gjeng med naive menneske som forkasta evolusjonen? Ironisk nok var koden på BankID PEN SJEL.

Eigentleg er eg usikker på når eg slutta å tru, men ein dag var det liksom ikkje lenger innafor å tru på den perfekte Jesusfiguren frå måleria i bedehuset. Det er litt som med julenissen: Han var god å ha dei første åra, berre for å ha eit verdsbilete å forholde seg til. Han sitter der, dømmer gode og vonde handlingar: Dei som har vore snille ender opp med gåver og himmelen.

Dersom du, som potensielt agnostikar eller ateist, høyrer nokon seie dei er kristne, kva tenkjer du då? For mitt inntrykk er nemleg at dei fleste har ei førestilling om kva kriste er, og kva dei ikkje er. Det å vere kristen er ein god gammaldags merkelapp, med kjenneteikn som naivitet, godtruen, glad eller eventuelt halvekstrimist. Staten Noreg har etterstreba eit sekulært samfunn. Dei siste tiåra har kampen om likeverd og likestilling herja fleire arenaer, som eksempelvis homofli, innvandring og transkjønna.

I denne kampen har det likevel oppstått ei slags kløft i landet. På den eine sida skal vi vere opne for nye kulturar, og med dei: andre religionar, tradisjonar og livssyn. Vi skal synast at det er greit at folk har sine verdigrunnlag, sjølv om dei for oss verkar litt påtvungen og hjernevaska. På den andre sida skal vi vere eit opent og inkluderande samfunn mot alle. Så lenge dei ikkje er kristne.

Om det er eit tabu kan det kanskje forklare den stadig veksande mengda med agnostikarar. Dersom du skulle kalle deg agnostikar vil du passe inn i Noreg. Du trur på vitenskapen, du trur på at det kan fnnes ein større og allmektig kraft. Likevel held du deg unna å kalle deg truande, du kan jo trass alt få ein merkelapp. På denne måten kan du, i dei rette miljøa, virke som eit reflektert samtidsmenneske i det sekulære Noreg. Så kan vi alle sitte på gjerdet, ein heil gjeng med agnostikarar, og vente på teiknet frå Gud.

Kanskje det er like greitt at den protestantiske kyrkja slepp inn alle i himmelriket, truande som ikkje-truande, så er vi alle sikra ein plass uansett.

«Jesus gjorde vatn om til vin for deg. Jesus vil ha det kjekt med deg. Jesus vil drikka med deg!» – Besøkande prest ved Borg Folkehøgskule