Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Digitale venskap og smilefjes image

Digitale venskap og smilefjes

Kvifor er det slik at ein sender snappar av middagen med kjærasten eller vorset med klassen, når ein ikkje kunne brydd seg mindre om å få dei sjølv? Har sosiale medium tatt over for det å vere sosial?

Eg sat heime åleine ein laurdagskveld. Var eigentleg invitert på fest, men hadde vore ute dagen før, og var ikkje så gira. Eg var i grunn ikkje heilt sikker på denne avgjersla, heilt til det byrja å tikka inn snaps frå festen. Eg fekk høyre om ei åleinemor som prøvde seg på kompisen min, eg fekk sjå dei ville dansetriksa til venninna mi, og eg fekk med meg når dei spela «ring of fire». Det såg ikkje kjekt ut. Ein fest ser aldri kjekk ut på Snapchat.

Så, kvifor er det slik at nokon tenkjer at å snappe ein heil fest er ein god idé? Og dei som er på denne festen, har dei det verkeleg så kjekt som dei skal ha det til på Snapchat? Venninna mi fortalte ein gong om eit vors ho var på. Det var ikkje særleg mange der, men likevel satt nesten alle på mobilen sin. Det var eit par i sofaen som snakka, men utanom det var det helst berre musikken ein høyrde. Ho gjekk lei, og då ho såg dei to gutane ved sida av seg senda snaps og svipe på Tinder, fatta ho mot. Ho spurde om dei ikkje heller kunne snakke med dei rundt seg enn å vere på telefonen. Til svar fekk ho eit par spørjande blikk, før dei begge såg ned i telefonen igjen.

Det er mogleg at eg er gamaldags og ikkje heng heilt med på sosiale medium, og det er greitt. Det tar eg på mi kappe. Likevel syns eg at det er ein uvane å heile tida ha mobilen i handa. Sjølvsagt forstår eg at det er eit sikkerheitsnett for mange, inkludert meg sjølv, men treng det å vere det? Har me blitt så redde for å snakke til kvarandre andlet til andlet at me har gitt heilt opp? No kan det høyrast ut som reine dommedagsprofetien her, og det er ikkje det eg vil. Eg seier berre at det kan verke som om me har gått inn i ei tid der det er lettare å snakke med kjenningar og framande over nett enn det er å snakke med sidemannen i sofaen.

Det er ikkje berre på fest at dette er eit problem. Mobilen er framme på kafé, besøk, filmkveld, ved middagsbordet, på førelesning (dette kan eg eigentleg forstå), trening, jobb, bussen og så bortetter. Lista er lang. Det verste eg veit er dersom eg er på besøk til nokon, og han eller ho tar opp mobilen når me snakkar ilag. Då kunne eg like gjerne snakka til ein vegg, for fokuset er ikkje lenger på vår samtale, men på noko som skjer på mobilen.

Eg las ein sak om Snapchat på NRK i desember i fjor, kvar dei blant anna intervjua ei 15 år gamal jente. Ho hadde Snapstreak med rundt 140 personar, og meinte at det viktigaste med Snapchat ikkje var å sjå på bileta ein fekk, men å opne dei innan 24 timar. Så lenge ein rakk å opne og svare på dei så var alt OK. Vidare kom det fram av apputviklaren at Snapchat-streaks er designa for å gjere brukarane hekta. På den måten blir eit vennskap nesten som eit dataspel, og det som held vennskapet i live er den høgt elska flammen. Og då snakkar eg diverre ikkje om ein brennande og lidenskapeleg flamme mellom to personar, men flamme-emojien, som ironisk nok viser det motsette: eit vennskap utan fysisk kontakt og samvær.

Ei anna venninne har fått tilsnakk fordi ho ikkje har Snapchat, og dermed ikkje held seg oppdatert på vennane sine liv. For det er jo heilt umogeleg å ringje til kvarandre. Ein kan heller ikkje møtast ein dag og snakke om livet og halde seg oppdatert slik. Ein må få beskjed med ein gong noko skjer. Gud forby at du går glipp av vorset du ikkje drog på eller skituren venninna di er på i heimbygda. At mine foreldre i det heile tatt har venner verkar å vere eit under. Korleis har dei halde på dei utan å bruke Snapchat? Dei sendte kanskje faks?

«Eg ska bomba deg med kjærlighet. Ska senda digitale hjerter og smilefjes» syng Stavangerkameratene. Bomb meg gjerne med kjærleik, men gjer det andlet til andlet. Ikkje send meg digitale bilete og flammer, ver så snill.