Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Språkkafé med håp om framtidig vennskap image

Språkkafé med håp om framtidig vennskap

Ein søndags ettermiddag i februar blei Klubben gjort om til eit nedtona, fleirkulturelt samlingspunkt.

I år slo Studentersamfundet seg saman med Norsk Start og brukte Bydagen på å gi til dei som får minst merksemd av det runde røde: Flyktningane og dei internasjonale studentane. Samfundets leiar, Tale Bærland, forklarer at Bydagen er den eine dagen Studentersamfundet gir noko tilbake til Trondheim.

– Dei fleste arrangement er vendt innover, mot studentane og medlemmane. Dette er dagen vi gir noko tilbake som takk for den plassen vi tek i byen, og i år ville vi inkludere dei som er minst representert på Samfundet, nemleg flyktningane, innvandrarane og utvekslingsstudentane.

Etter antal oppmøtte, er det tydeleg at dette arrangementet appellerte til folk.

– Vi visste jo ikkje om folk ville kome. Eg var redd for at vi måtte gå rundt på Samfundet og få folk til å gå opp, seier Lena Strand Haugen, ein av arrangørane for kvelden.

Det blei ikkje nødvendig, etter eit kjapt overblikk såg vi at dei aller fleste bord var okkuperte.

Studentanes bidrag til flyktningane

I 2016 vart Trondheim tildelt Bosettingsprisen av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Prisen vart grunna med kommunens innsats innanfor busetjing og integrering. Likevel tilseier det store oppmøtet på Språkkafeen at behovet for ein møteplass framleis er til stade.

– Sjølv om det er mange tilbod i Trondheim, er nordmenn vanskeleg å kome innpå. Særleg i ein naturleg setting. Difor såg vi det som nødvendig å skape ein arena som gir moglegheit for å kome i kontakt, seier leiar Ida Marlene Henriksen ved Norsk Start.

[ image ]
Foto: Hilde Hefte Haug
INKLUDERING: Ida Marlene Henriksen og Lena Strand Haugen vil arrangere møtar som fører til mindre skepsis, meir forståing og breiare perspektiv.

Norsk Start blei stifta i 2014 av to psykologistudentar, som såg moglegheitene for at også studentar kunne bidra for flyktningane. Dei tok kontakt med Trondheim kommune, og plutseleg var dei første samtalemøta i gong. På kun fire år har organisasjon vakse frå to til 93 aktive medlemmar og er no i samtale med fem studentar som held på å starte opp i Oslo.

Målet er å få dei på nach

Problemet er ikkje å finne offentlege arrangement, seier Lena Strand Haugen og Ida Marlene Henriksen ved Norsk start, og held fram med å ramse opp fleirfoldige tilbod flyktningar kan nytte seg av i Trondheim. Det det er lite av, er at folk møtast på privaten.

– Men vi har eksempel på at nokon av deltakarane har invitert studenter på middag, blitt med på vors og så dratt på Samfundet – og på nach, seier Strand Haugen entusiastisk.

– Med Norsk Start håper vi å bryte ned barrierane for å møtast, slik at flere får kome seg på nach. Neida, men å faktisk bli vennar utanom samtalemøta.

Hyggelege, men innandvendte

[ image ]
Foto: Hilde Hefte Haug
APPELLERTE: Fleire tok turen på språkkafeen arrangert av Studentersamfundet og Norsk Start.
I samtale med deltakarane på språkkafeen, kjem alle med same tilbakemelding om den innadvendte, men hyggelege nordmann.

– Men det e jo nordmenn i et nøtteskal, er det ikkje det da? kjem det frå ein frivillig bergensar ved Norsk Start.

Nayan Paralikar frå India seier det raraste med nordmenn er kor høflege dei er. Natalya Kandratenka frå Hviterussland skildrar nordmannen dekka med eit tjukt lag med is, og demonstrerer med kroppen noko som liknar ein morsk Lars Monsen på polferd. Ho meiner likevel ikkje man skal vere skremd:

– Du må bare gi dei litt tid, og så blir de veldig hyggelige.

«Er du redd meg?»

Gjennom Norsk Start sine samtalemøter, har dei skapt ein arena som senkar terskelen betrakteleg for studentar og flyktningar som møtast. Henriksen skildrar desse samtalemøta som kulturmøter som fører til mindre skepsis, meir forståing og breiare perspektiv. Ho seier også at dette er eit møte som vil ha nytte for alle studentar seinare i arbeidslivet.

I samtale med Ahmed frå Syria berre nokre minutt seinare, får eg erfare Henriksens ord. Ahmed har blitt fortalt at nordmenn kan vere redde for han. Så snur han seg mot meg og spør: «Er du redd meg». Og korleis kan eg vere redd ein som eg sit og har ein hyggeleg samtale med, og viser med heile seg at han ikkje er noko å vere redd for? Nei, seier eg, og håper han forstår kor sann det nei-et var.