Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Det mest lovande er vennskapet image

Det mest lovande er vennskapet

Elles er det så mykje motgang at du har lyst å berre gje dei ein trygg og enkel jobb så dei kan få slappe av litt.

I den tredje sesongen av Unge lovende får vi følgje vegen vidare til dei tre venninnene som forsøker å følge draumane sine, med sine tilhøyrande fallhøgder. Nenne gjer det for så vidt bra som forfattar, men slit framleis med eit dårleg forhold og eit tungt sinn. Elise prøver å pitche ein tv-serie samtidig som utforskar eigen seksualitet, og Alex er i New York og får sett sjølvtilliten og einsemda på prøve.

Eg merkar eg kjenner meg på eit punkt litt lei. Lei all motgangen, og ønsker nesten dei skal slå seg til ro i «mammas kantine», som jo for så vidt kan vere det serien ønsker. Den er gjennomgåande forutsigbar, og eg lurer eit punkt på om eg orkar å sjå ferdig serien. Det gjer eg sjølvsagt, kjærleiken til dei tre jentene har vekse seg ganske stor gjennom dei førre sesongane.

Det er når dei tre venane finn tilbake til kvarandre, eg føler seriens styrke og slagkraft kjem fram. Scenene når venninne er samla, står difor att som høgdepunkt. Då kjem humoren fram, følelsane og sårbarheita. Både den sanne driten og og den sanne varmen- ikkje den høflege og tilgjorte latteren Alex må gi frå seg smerteleg mange gongar i løpet av dei seks episodene.

Karakterane har høge og ikkje så relaterbare ambisjonsnivå, men attkjenningsnivået i situasjonane dei hamnar i, er likevel ganske stort. Serieskapar og skodespelar i serien, Siri Seljeseth, seier til TV2 at til snevrare ho skriv, til fleire tilbakemeldingar får ho frå folk som kjenner seg att. Som når man må pynte på sannheita i møte med bekjente sine forventningar til deg, eller når man går over til å like ein ven med manglande gjensidigheit.

Silje Seljeseth seier og at vår generasjon ikkje berre vil sikre seg ektefelle og barn som våre foreldre, men heller tørre å gå den vanskelege vegen. Vanskelegheitene ved denne vegen kjem meir enn nok tydeleg fram denne sesongen. Der eg til tross for mindre relaterbart behov for å gjere det bra som stand-up-komikar, framleis ikkje kan sjå nokon annan serie som skildrar like godt korleis det er å vere i 20-åra i Noreg i dag. Som kanskje gjer at eg gler meg som ein dritunge til sesong fire allereie. Viss det blir då, lat oss håpe.