Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Ei trøndersk sjarmbombe image

Ei trøndersk sjarmbombe

Trondheimsreisen burde innførast som obligatorisk introduksjonsvideo for alle Trondheimsstudentar.

Tidleg i filmen blir det fortalt at trøndarane er jordnære, men at dei måtte passe på at dei ikkje blei så jordnære at dei gjekk under jorda. Og der var lista lagt, smilet sat på under resten av filmsyninga. Sett saman av filmar frå nasjonale arkiv og frå ulike loft, geleida av stemmene til folkekjære trøndarar som Anne B. Ragde og Odd Reitan, får vi eit innblikk i Trondheims historie frå 1900-talet og opp mot i dag.

Filmen kan sjåast på som eit større identitetsprosjekt, og er nok noko av grunnen til at den appellerer så godt. Den famnar breitt ved å vere ein dokumentar med dramatiske verkemiddel, som gjer den jorda og truverdig, samtidig som den får fram ein fellesskapsfølelse (der studentane er inkludert). Det er ein film som på mange måtar seier «dette er oss», og er med det ei unik framstilling av Trondheim og Trondheims-folket.

Frykta eg hadde for at dette var ein idealisert hyllest til det trønderske vart heldigvis avkrefta eit stykke ut i filmen. Regissør Magnus Skatvold trekk óg fram dei mindre gode sidene, som behandlinga av jødane under andre verdskrig, kvinnenes stilling, og korleis «blokkungane» blei sett på av Singsakermødrene då arbeidarklassa og den øvre middelklassa begynte på skule ilag. Alt fortalt med glimt i auget, sjølvsagt.

På mange måtar kan ein trekkje parallellar frå trondheimshistoria til resten av landet. Korleis det var under og etter krigen, dei gode tidene etter oljen og inntoget av modernismen. Dei viktigaste historiene er likevel knytt til dei felles kampane som har blitt utkjempa. Navnestriden Nidaros/Trondhjem, bevaringa av trikken og ikkje minst kampen mot E6 og Bakklandet. Fortalt på trøndersk, med ei blanding filmmusikk spelt inn av Trondheim Symfoniorkester og trondheimsviser, bring regissøren fram følelsane han ønskjer i publikum. Eg er litt skuffa over at det ikkje blei trukke nokre større trådar mot slutten, men eg sat likevel med eit smil.

Så her er mitt tips til komande fadderar til komande fadderveker: Ta ei pause frå fyll og bakrus, stable dykk saman i ein sofakrok og la kjærleiken til Trondheim begynne å gro på ein høgst sjarmerande måte.