Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Blenda av superliken image

Blenda av superliken

Det var hausten 2016, eg var ny i Trondheim, ny på livet og på jakt etter ei ny meg – ei jente med kjærast.

Tidlegare hadde eg i grunn ikkje hatt den store interessa for gutar, utanom ein og annan erkjenning om at ja, han var flott og fin. Kunne kanskje blitt betre kjent med han, men det verkar litt skummelt, så eg trur eg lar vere. Latar som om eg ikkje veit om han og går vidare med livet. Dette var eg ferdig med no, og eg var klar for å bli ei kjærastejente.

Eg hadde høyrt at Trondheim byr på både gutar og kjærastgaranti, eit godt tilbod. Spørsmålet var berre kvar ein skulle finne gutane og kjærasten. Tinder, sjølvsagt. Så, eg lasta ned Tinder ein tysdagskveld og var spent på korleis dette fungerte, og ikkje minst om min framtidige kjærast også var der inne blant korta. Eg sveipa ivrig heile kvelden.

Neste morgon vakna eg til følgande varsel på Tinder: «Du har fått ein superlike! Sveip for å finne ut kven det er!». Jøsses, ein superlike, tenkte eg. Nokon må verkeleg like meg. Eg fortsette den ivrige sveipinga frå kvelden før, og fant rask ut at Knut (21) var den modige, romantiske og staute karen som likte meg.

Det tok ikkje lange tida før han tok kontakt med eit blygsamt «Hei. Kva skjer?». «Ikkje så mykje, kva med deg?». Han gjorde heller ikkje så mykje, og lurte på om eg ville ta ein kaffikopp med han. Eg takka ja, framleis smigra av superliken, og me avtala vidare å møtast om eit par dagar.

På laurdag gjekk eg sjølvsikkert inn på ein stappfull Mormors, kikka meg rundt og møtte blikket til Knut (21). Det var trygt å seie at eg hadde blitt blenda av superliken. Guten var ikkje den eg hadde sett føre meg, og eg ville eigentleg snu og gå ut igjen. Han verka derimot glad for å sjå meg, og eg bestilte meg ein kaffi og sat meg ned ovanfor han.

«Takk for at du kunne ta deg tida til å møte meg» var det første han sa. På kav trøndersk, naturlegvis. Eg hadde ikkje lært meg kunsten å forstå trøndersk enda, så eg nikka berre og smilte, før eg etter kvart forstod kva han hadde sagt. Vidare forstod eg det slik at han likte musikk frå 80-talet, dataprogrammering og krigsrollespel frå 1800-talet. Ikkje akkurat interesser eg delar, og ikkje interesser eg ser for meg å dele heller.

For å komme meg ut av denne krisa eg fant meg sjølv i, foreslo eg ein tur i sentrum. Då trong eg ikkje snakke så mykje, og eg trong heller ikkje sjå så mykje på han. I tillegg kunne eg dra nytte av hans kjennskap til byen: ein vinn-vinn-situasjon.

Det einaste eg blei kjent med i denne byen, var Kondomeriet i Thomas Angells gate. Før me kom oss heilt dit, spurte han meg om eg likte sjokolade. Eg nølte litt, ville heim, men svara høfleg at «ja, det gjer eg». Han visste sjølvsagt om den perfekte plassen, og tok meg med nedover gågata.

Det var relativt taust mellom oss, før han braut stillheita og sa at eg måtte passe meg for kva for ei dør eg gjekk inn når me kom fram. Eg spurte kvifor, til kva han svara «berre vent, så forstår du» med eit flir.

Me kom til slutt til sjokoladebutikken, som, for dykk som ikkje er kjent, ligg vegg i vegg med Kondomeriet. «Haha» lo eg litt småkleint, før me tok peiling inn i sjokoladeland. Medan han kjøpte det han kalla Trondheims beste konfekt, såg eg mitt snitt til å sende melding til venninna mi. I meldinga stod eit klart og tydeleg «RING MEG NO!», naturlegvis livredd for at han ville inn i nabobutikken etterpå.

Ho ringte, som den reddande engelen ho er, og eg kom meg av stad med sjokoladebeten i munnen medan eg lovpriste Gud for venninna mi og forbanna meg sjølv for mitt dårlege val.

Nokre dagar seinare inviterte han meg med på enda eit kafébesøk. Eg takka fint nei. Enda eit par dagar seinare lurte han på om eg ville vere med på eit føredrag om olje på Gløshaugen. Eg takka like fint nei til dette forslaget, og trur han skjønte teikninga. Han sletta i alle fall matchen.

Eg hadde ikkje sett han sidan, før eg kom over han på Tinder førre veka. Eg superlika han, berre for old times sake.