Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Miljøvern i bestemors mjølpose image

Miljøvern i bestemors mjølpose

Våre besteforeldres levemåte er på mange måtar meir miljøvennleg enn både vår og våre foreldres generasjon. Likevel slepp dei å gjere klimaproblematikken til ein del av sin identitet.

Før jul skulle eg til mi bestemor for å lage lefser, mi store gulrot gjennom heile eksamensperioda. Eg stussa sjølv på kvifor det var bildet av lefsebakinga som fekk ein glorie over seg kvar gong eg tenkte på den komande ferien. Kanskje det har med tradisjon å gjere, luktene, stabilitet og familiaritet. Og den stadig hyppigare tanken om at for kvart år eldre eg blir, blir besteforeldra mine eitt år eldre, dei óg.

Lefsebakinga gjekk sin vante gang, og far såg sin sjanse til å terge mor då ho utbraut at lefsene hadde blitt alt for tjukke. Far sa at det vart no kjerringa óg, og lista seg ut av kjøkkenet med eit tilfreds glis. Baking har, saman med strikking og ei generell interesse for alt som er gammalt, blitt eit område eg og mi bestemor har delt dei seinare år. Halve garderoba mi består no av klede funne oppe på loftet deira. Det har vel ikkje gjort mitt gamle kallenamn «lisje-Aslaug» mindre aktuelt, og eg stiller meg stolt bak kommentarar på at eg liknar ho. Etter at lefsene var både steikt, smurt og pakka i ulike posar til ulike familier, fekk eg som alltid beskjed om å setje meg medan ho ordna kjøkkenet. Ein luksus eg aldri har protestert merkverdig imot.

Tilbake i Trondheim kjem eg over Svein Anders Noer Lie sin artikkel «Identitet er menneskets naturkraft» i Harvest Magazine. Etter nokre år i Trondheim har engasjementet mitt for miljø vakse seg ganske stort (dog utan å klare og gi opp salamien). Ei interesse eg nok ikkje deler med mine besteforeldre. I artikkelen forklarer Noer Lie identitet som grunn bak menneskes manglande handling vedrørande klimakrisa. Han deler befolkninga enkelt i tre: Dei «hippe» er miljøvennlege fordi det er in, «miljøvernarane» gjer små ting i kvardagen utan å stille større krav til endring, og dei ressurssterke blant oss som framleis ikkje gjer noko. Eg kjem nok innunder miljøvernar-gruppa, den er grei, men mi bestemor blir vanskelegare å plassere. Ho er jo på mange måtar meir miljøvennleg enn meg: Ho sparar på gavepapiret ho får til jul, bøter i staden for å kaste, og vrenger kjolane sine før ho henger dei opp på kottet. Men eg trur verken ho eller eg vil kalle ho for ein miljøvernar av dette.

Denne desemberkvelden hos mine besteforeldre var på mange måtar som forventa, og gav meg både gullkorn frå bestefar og skryt frå bestemor, som innrømde at eg hadde blitt flinkare enn ho til å kjevle. Ting har liksom stått litt stille der. Å vere barnebarnet på kjøkkenet deira er det same no som då eg var ti år. Likevel kom det ei heilt ny erkjenning i ei lita handling mi bestemor gjorde då ho skulle rydde. I staden for å kaste mjølrestane som låg på benken, skrapa ho opp att mjølet med baksida av ein kniv. Denne vesle og ubetydelege handlinga frå bestemors side vitnar om ein forskjell mellom oss som stikk langt djupare enn kjevleferdigheiter og felles interesse for strikking. Den illustrerte også kor tida absolutt ikkje har stått stille, avstanden mellom min og hennar generasjon er skremmande stor.

Noer Lie meiner fasa miljøkrisa no er inne i ikkje lenger handlar om kva den går ut på. Problemet ligg i korleis man skal løyse den, med identitet som eit klart hinder. Vi lid jo ikkje av mangel på opplysning, akkurat. Dette er tema psykolog og økonom Per Espen Stoknes også har i fokus, som i sin Ted-talk set kognitive prosessar som dissonans og fornekting opp mot miljøkrisa. Noer Lie vektlegg at våre handlingar er basert på kven vi er, som gjer at man i dag ikkje kan meine at oljepolitikken burde leggast om utan å bli stempla som miljøvernar. Viss du då ikkje identifiserer deg innunder denne kategorien, kan du vere villig til å gå ein lang veg for å unngå dette stempelet.

Mi bestemor vaks opp i ei tid der det var lenge igjen før ord som zero waste, klimakvote og miljøbevisstheit skulle opp og fram i dagen. Om eg skulle vere flink å bruke ei gammal melk på ei vaffelrøre, vil eg gjere ei god gjerning for miljøet. Om bestemor gjer det, er det berre naturleg bruk av restane. Det slo meg då eg las denne artikkelen, som seier at identitet står i vegen for handling, at samfunnet sin trong for å lage merkelappar kan ha gått for langt (også på dette området). Eg kunne jo ut ifrå dei ulike handlingane eg har ramsa opp, kalla mi bestemor for ein miljøvernar. Men hadde eg sagt det, er eg sikker på ho hadde slått seg på låret og sagt: «Nei snilde deg, no må du gi deg».