Erasmus Montanus tviheld på kunnskapen sin og lar seg ikkje sjarmere av Lisbeth sine yndige auge.

Holberg slår bondefolket i hovudet og sparkar overklassen i ræva

Erasmus Montanus er tydeleg prega av studietida si i det han returnerer til heimbygda med arroganse og kink i nakken.

Publisert Sist oppdatert

Studentersamfundets Interne Teater spelar for augneblinken Erasmus Montanus, og dei gjer det bra. Skodespelarane var nok spente før premiera, men det er tydeleg at dei har gjort seg flid og lagt inn arbeid i spelet. Litt snubling i replikkane måtte til, men dei henta seg raskt inn igjen utan vidare komplikasjonar.

Erasmus Montanus har bøygd nakken 30 grader bakover og går arrogant med nasen i sky, og eg blir provosert berre av å sjå på han. Som ei kontrast til den overlegne og lærde har me Ridefogden, som med sine klønete bevegelsar og naive utsegn skapar latter i salen. Klokkaren Peer speler også utmerka, og med ein latin som kan høyrast meir ut som ein italiensk meny, yppar han seg mot Erasmus. Berre for å nemne nokon.

Tematikken i Erasmus Montanus står framleis sterkt etter nesten 300 år. Holberg er kjent for å vere prega av opplysningstida, og hadde som mål å oppdra publikum med komediane sine. I dette stykket har han tydelegvis fleire ting på hjartet. Gjennom denne karakterkomedien blir Erasmus Montanus sin arrogante haldning og akademiske lærdom latterleggjort, og dette blir godt formidla i oppsetjinga. Holberg kritiserer indirekte også undervisninga på universitetet, som legg meir vekt på formelle metodar, som å kunne bevise at mora er ein stein eller Peer ein hane, enn på å søkje etter sanninga. Samstundes som at Holberg sparkar oppover, sparkar han også nedover mot dei sneversynte og konservative bondefolka som ikkje ein gong vil tru på at jorda er rundt.

Scena er enkel og lita, men dei har gjort god nytte av heile den vesle plassen dei har. Med eit bakteppe som skiftar frå dag til natt, og fuglekvitter og flueljod, set dei stemninga og situasjonen. Kostymane er også forseggjorte, og reflekterer tydeleg tid og rom spelet skjer i. Me finn oss sjølv blant bondefolket i Bergen. Dette blir også kommentert (som ein morosam anmerkning) av Julie, syster til Erasmus, som tykte det var merkeleg at broren hadde studert i hovudstaden, for så å komme heim att til Bergen og snakke nordnorsk. Enkel, men effektiv humor som me i publikum lo godt av.

Denne enkle humoren og metateateret blei brukt som verkemiddel gjennom heile oppsetjinga, og fungerte som ei modernisering og forenkling av stykket. Skodespelarane har diverse fakter ved seg som gjer dei til typar, og konflikten i stykket kjem tydeleg fram gjennom denne overspelinga og dei små vittigheitene dei finn på. Erasmus Montanus er nok ei av dei mest spelte karakterkomediane i Noreg, og ved å spele på seg sjølv som skodespelarar unngår dei at stykket blir keisamt. Det gir ein forfriskande touch til eit kjent og kjært spel.

Powered by Labrador CMS