Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Hard tematikk spegla gjennom eit hardt andlet image

Hard tematikk spegla gjennom eit hardt andlet

Maria Full of Grace skildrar ei desperat og fattig jente frå Columbia på jakt etter den amerikanske draumen.

Joshua Marston gir oss siste utveg i ei verd av fattigdom og desperasjon. Me blir kjent med Maria Àlvarez (Catalina Sandino Moreno), som kjem frå ein fattig familie. Ein dag blir ho forført av ein flørtande og overtalande gut, og blir fortalt at ho kan tene store summar berre ved å svelge eit par heroinkapslar og reise til New York. Dette får ho i fanget rett etter at ho slutta i sin førre jobb, fann ut at ho er gravid, og slo opp med kjærasten. Ikkje overraskande takkar ho ja.

Det tek nesten ein halvtime før handlinga er ordentlig i gong og ho sit på eit bakrom og svelg kapslar. Klumpen i magen min veks, og det gjer sikkert hennar også. Det er eigentleg vanskeleg å seie, i og med at ho har omtrent det same uttrykket i andletet gjennom heile filmen. Eit eineståande uttrykk vel og merkje, som er både subtilt, kynisk, målretta og skremd på ei og same tid. Dessverre blir det vanskeleg for meg som ikkje kan spansk å forstå dei ulike tonefalla, og når andletet heller ikkje speglar kjensler, mistar eg litt personleg tilknyting til rollane og filmen.

Den sterke tematikken tener kanskje på dette steinharde andletet. Det skarpe blikket og dei alvorstunge munnvikane tyder på ein vanskeleg situasjon, og det er heilt umogleg for meg å setje meg inn i Maria sitt liv. Det er ikkje rart at ein tyr til slike løysingar i ein desperat situasjon. Dette trass alle farane det bring med seg, mellom anna fengsel og i verste fall daud. Symbolikken er derimot ikkje daud, og me får symbol rett i fanget gong på gong. Blant anna i det ho går forbi ein blomebutikk i downtown New York og ser ein gut som sit og kuttar av tornar på rosene, nett slik ho gjorde i si heimbygd i Columbia. Kanskje er ikkje alt betre i det store Amerika?

Filmen skildrar altså ein spanande narkotikaproblematikk og fattigdoms-problematikk, men det går litt treigt til tider. Stundom sat eg med klump i magen, og stundom med gapande munn, men for det meste med ein kvilepuls på 60. Somme stader skortar filmen på sviktande reaksjon frå skodespelarane, og då kjem det heller ikkje ein reaksjon frå meg. Det faktum at Maria ikkje møter på ein einaste engelsktalande person i heile USA er også litt merkeleg.