Den dystre sannheita skrik deg i ansiktet

Torborg Nedreaas si skildring av kvinnenes kår og rett til å få barn kjennast på kroppen, også i dag.

Publisert Sist oppdatert

Romanen Av måneskinn gror det ingenting utspelar seg som ein samtale mellom ein mann og ei kvinne gjennom ei natt. Dei er ukjende for kvarandre, og møttast tilsynelatande tilfeldig på ein jernbanestasjon, der ho blei med han heim. I løpet av natta legg kvinna ut om sitt liv, si historie – som ho seier ikkje er noko spesiell, men heilt ordinær. Og med det blir det tydeleg at den kan stå som eksempel for mange kvinner. Vi følgjer livet til hovudpersonen gjennom pengenød, abortar, alkoholisme og mislykka ekteskap. Hennar mangel på økonomiske og sosiale ressursar gir ho svekka moglegheiter. Hennar altoppslukande kjærleik til ein mann samfunnet ikkje vil gi ho, gjer at hennar graviditetar blir eit mareritt og ho endar opp einsam og alkoholisert. Dermed blir ikkje hennar historie berre knytt til klasse og fattigdom, men viser også til ein slags feministisk determinisme.

Les også: Kaster vi stein i glasshus når vi kaller forfatterne selvopptatte?

Gjennom abort tematiserer Nedreaas pengenød og moral – og ikkje minst ei kvinnes ønske og eit barns rett til liv. Fattigdom og moral er to føresetnader for om ein graviditet er til lukke eller ulukke for kvinna og barnet. Mangel på pengar eller mangel på ektemann gjer at kvinner som elles har lyst på barn, ser på det som ei så stor byrde å bli gravid at dei må kvitte seg med det. Kvinnene mistar dermed i hovudsak råderetten over eigen kropp og liv. Hovudpersonen sjølv blir tvinga til å ta abort, ikkje fordi ho ikkje vil ha barn, men fordi samfunnet ikkje vil tillate ho å få det. Ho orkar ikkje tanken på at både ho og barnet skal bli frose ut– eller at ho må tvinge sin Johannes til å betale barnebidrag, i tillegg til å bringe skam over familien. «Det er dette kvinnene ikke tør, nei Gud, det var det jeg ikke torde, å utstøtes for livstid med et barn som ikke hadde andre menneskerettigheter enn morsmelken».

Torborg Nedreaas var ein samfunnsengasjert forfattar. Ho var kommunist og meinte diktaren hadde plikt til å skrive om det menneskelege. Nedreaas meistrar elegant kunsten å gjere karakterane sine til individualiserte typar, dei blir representantar for fleire utan å bli kunstig. Slik får lesaren innsikt i reelle tilstandar gjennom fiktive karakterar. Ved å setje opp ein borgarleg mann mot ei arbeidarklassekvinne i rammeforteljinga, forventa eg raskt ei typisk mann/kvinne-kontrastering. Slik blir det ikkje. Ho skildrar menneske i sin heilskap. Ho malar eit komplekst bilde av både kvinna og Johannes, der ingen av dei går inn under kategorien stereotypisk. Ho skildrar eit komplisert forhold og eit komplekst samfunn. Vi får heile individ innanfor sitt samfunns avgrensingar og moglegheiter.

Sjølv om både kvinna og arbeidarklassa sine kår har blitt drastisk betra sidan den gong, dreg eg kjensel på mange av forholda som blir skildra. Saman med den realistiske forteljestilen og den brutale skildringa av sannheita, sit eg igjen med ein følelse av djup sorg etter å ha fullført siste side.

Les også: Anmeldelse av Dag O. Hessens Sannhet til salgs

Powered by Labrador CMS