Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Ny campusutvikling kan truge treningssentera på Dragvoll og Portalen image

Ny campusutvikling kan truge treningssentera på Dragvoll og Portalen

Den nye campusutviklinga vil moglegvis gå på kostnad av fleire idrettar. Idrettsbygget på Dragvoll og treningssenteret på Portalen vil kanskje ikkje vere ein del av planane.

I den nye campusutviklinga vil NTNU prioritere økonomi og areal til anna enn studentidrett og velferd. Leder for NTNUI, Eirik Søreide Hansen, seier at dette vil gå utover Dragvoll, men også Portalen.

–­ No kjem senteret ved Elgsetergate 10. Dette senteret er meint som ein erstatning for Portalen. Sit hadde likt å behalde begge, men Portalen er dyr i drift. Utan driftstøtte frå NTNU vil det vere vanskelig for Sit å tilby ein treningsavgift langt nok under nivået til konkurrentane i byen.

Søreide Hansen fortel viderare at resultatet blir at Portalen treningssenter leggjast ned. Elgsetergate 10 vil ha ein liten hall, og tilbodet innan eigentrening vil oppretthaldast, men avgifta vil måtte gå opp.

Verdens beste tilbod

– Trondheimsmodellen for idrett er det som gjer at studentane i Trondheim truleg har verdens beste tilbod for trening som del av studiekvardagen sin, seier Søreide Hansen.

Modellen inneber eit samarbeid mellom Sit, NTNU og NTNUI, der NTNU sponsar drift av anlegg. I dag disponerer Sit fire treningsstudio.

– Trondheimsmodellen for studentidrett gir medlemmane i studentidrettslag rabatt på medlemskortet til Sit, fortel velferdsdirektør Espen Munkvik, i Sit.

Seier nei til over 800 studentar

For Søreide Hansen er det skremmande at treningstilbodet kan bli dårlegare på den nye campus. Han seier at NTNUI må kvart år seie nei til over 800 studentar som ønskjer å delta i organisert idrett.

­– Ein snakkar mykje om einsemd, og då er det fælt å må seie nei til fleire studentar på bakgrunn av at dei ikkje er «gode nok» for oss, når alt eigentleg går på areal og kapasitet.

Fleire idrettar må leggjast ned

Om den nye campusutviklinga ikkje inkluderer eit idrettsbygg på rundt same areal som Dragvoll vil dette føre til at fleire idrettar må leggje ned, blant anna handball og volleyball. NTNUI har likevel eit ønskje om at anlegget på Dragvoll erstattas med ein større hall som den som er der i dag, inntil campus.

­­– Med store treningsarealar i kjellaren vil eit slik bygg bli eit symbol på universitetets satsing på studentvelferd, i tillegg til å tydleg utvide dagens kapasitet.

Søreide Hansen seier at akademiske resultat er viktig for NTNU, men for å oppnå desse må det oppfordra til trening og idrett som ein del av studiekvardagen.

­– Trening er ein viktig grunnstein i studentmiljøet. Det er stort sport- og helsefokus mellom studentane. På toppen av denne pyramiden har du akademisk resultat, men trening legg grunnlaget for akademisk resultat, seier Søreide Hansen.

Viktig å spreie bevisstheten

Innan 2021 vil Portalen vere nedlagt, og innan 2027 er Dragvoll lagt ned. Søreide Hansen seier det er viktig å spreie bevisstheten om at det er ein jobb å få oppretthalde det fantastiske treningstilbodet studentane har i Trondheim, og legg til at ein ofte tar trening for gitt, før det faktisk ikkje er der lenger.

Les mer: Nytt treningsbygg kan gi økt treningsavgift