Kampen om Trondheims beste innebandylag

I helga stilte 22 Trondheimsbaserte lag opp i kampen om å finne det beste innebandylaget i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

– Det er utruleg bra at vi får fylt opp ein hall med innebandyspelarar heile helga, seier leder av NTNUI Innebandy, Lars van der Lee.

Han er både dommar og spelar i turneringa, som ble arrangert av NTNUI. Lee ser på turneringa som ein bra start på sesongen, der både lag utanfor studentidretten og veteraner får vere med.

Lars Brødremoen Bredvig, også kjent som Biceps, spelar med laget Golden Nights i turneringen.

– Vi har tre veteranlag med, også er resten serielag og studentlag.

Turneringen enda ikkje i seier for NTNUI.

Sjølvutnemnte favorittar

Turneringa starta med gruppespill, der dei to beste laga frå kvar gruppe gjekk vidare til kvartfinale. Eitt av desse laga var Golden Nights, eit reunionslag der spelarane har tidlegare spelt for NTNUI.

– Vi ser på oss sjølv som favorittar, seier Lars Brødremoen Bredvig, spelar for Golden Nights.

Bredvig, som har kallenavnet Biceps på ryggen, har spelt i turneringa fleire gonger, men spelar for første gang med laget Golden Nights.

– Vi er veldig fornøgd med opplegget. Det har vore veldig gøy, seier lagkamerat Ola Bråten Lund, mens dei andre nikkar.

Les også: – Gir NTNU et sunnhetsboost med Treningsløftet

– Einaste som er kjedelig er at det er kampar dagen etter banketten. Vi er nok veldig slitne i semi- og finalekampen, så vi får sjå korleis det går, skyter Henrik Stenrød inn, men seier at dei går for gull likevel.

Ein bra start på sesongen

Ikkje alle lag hadde like bra start på turneringa. Nidelven SK rauk ut på laurdag, men sitter likevel igjen med ein fin oppleving etter turneringa. Martin Melheim spelte sine fyrste kamper som innebandyspelar, og er fornøgd med kampane, sjølv om laget hans rauk ut frå gruppespelet.

– Det var jevne kampar, så det var ganske spennande, seier Melheim.

Lagkamerat Sigurd Seierstad seier seg einig i det. Han har spelt i denne turneringa i fleire år, og er like fornøgd kvar gang.

– Det er veldig bra at NTNUI arrangerer ein slik turnering, slik at laga utanfor studentidretten får vere med. Det er ein veldig bra måte å starte sesongen på, seier Seierstad.

Fokuserer på det sosiale

Van der Lee seier seg einig med dei andre spelarane om at turneringa har vore gøy, til tross for at det ikkje enda i seier for NTNUI.

– Vi rauk ut på målforskjell. Det er kjedeleg, men det går fint. Vi fokuserer heller på å bli kjent med spelarane på laget. Vi har store utskiftingar på laget frå år til år, så turneringa blir meir for det sosiale for våras del.

Les også: – Idrettsbygget på Gløshaugen ombygges

Finalen blei spelt på søndag. På herresida gjekk finalen mellom Golden Nights og Sjetne H2, der Sjetne H2 vann 5-0. Nidaros D1 vann over NTNUI D1 på damesida.

Powered by Labrador CMS