Studiestart
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article Karusell-løp gjev motivasjonsøking i vintermørket image

Karusell-løp gjev motivasjonsøking i vintermørket

Onsdag 26. september blei sesongens første Vinterkarusell-løp arrangert. NTNUI Friidrett hevda seg i toppen i både 5 km og 10 km.

For mange friidrettsutøvarar betyr hausten at konkurransesesongen er over, men for mange løparar i Trondheim betyr det også starten på Vinterkarusellen. Karusellen består av seks løp som blir arrangert i Trondheimsområdet av Strindheim Friidrett. Løpa går frå september til mars, med eit løp i månaden med unntak av desember. Onsdag var det tid for Vinterkarusellen sitt første løp, Nidarø rundt. 146 deltakarar stod på startstreken.

Uforventa seier

I eit elendig haustvær sprang blant anna Erlend Hansen og leder for NTNUI Friidrett, Magnus Winther Warvik, Nidarø rundt. Hansen sprang inn til seier på 10 km, som var hans første seier på eit slik arrangement.

– Det var veldig gøy, men uforventa å vinne 10 kilometeren, seier Hansen.

Det er første gong Hansen er med på karusellen, men seier seg veldig fornøgd med arrangementet. Han skal vere med på dei resterande fem løpa, og ser på det som ein fin ekstra motivasjon til å halde treninga oppe.

– Det er også ein fin måte å sjå om ein har ein eventuell progresjon mot neste år. I dette tilfellet var det kjekt å sjå at treninga gir utteljing, legger han til.

Ein sur fjerdeplass

Til tross for ein månad med mange konkurransar, og utan opplading til løpet sprang Warvik inn til ein sterk fjerdeplass på 5 kilometeren blant mange raske løparar. Han er fornøgd med tida, men synes det alltid er litt surt å vere så nær pallen.

– Eg har fått tre fjerdeplassar kun i september, men eg planlegger å delta i alle løpa i karusellen, så eg klarer forhåpentlegvis å forbetre tida endå meir i oktober, seier Warvik.

I likskap med Hansen ser Warvik på karusellen som ein god måte å halde forma oppe gjennom vinteren og inn i neste sesong.

Fornøgd med arrangementet

Warvik har, i motsetning til Hansen, vore med i karusellen fleire gonger, men begge to er like fornøgde med arrangementet.

– Det er veldig dyktige arrangørar som kan å lage løpskonkurransar, seier Hansen.

Warvik seier seg einig i det og legg til at det alltid er like kjekt å delta på Vinterkarusellen.

Fleire frå NTNUI Friidrett deltok på arrangementet i begge distansane. Martin Dorber var NTNUI Friidrett sin tredje beste med ein 12. plass på 10 kilometeren.