Samfunnet bak Samfundet
ISFiT
Nyheter
Reportasje
Kultur
Forskning
Kommentar
Musikk
UKA
Sport
Forbruker
Anmeldelse
Portrett
Debatt
Pstereo
Underholdning
Article NTNUI-studentar feiar andre av bana image

NTNUI-studentar feiar andre av bana

I helga kjempa fleire studentar om tittelen som student-Noreg sine beste tennisspelarar på Lade Tennisarena.

Helga 20. til 24. februar var Trondheim full av ivrige og idrettsglade studentar frå heile landet som deltok i Studentlekene. 40 av desse brukte helga si på Lade Tennisarena, der det blei spelt over 50 kampar i regi av Studentlekene.

– Alle tilbakemeldingane eg fekk av spelarane var at dei var fornøgd med speletida dei fekk. Faktisk var det nokon som blei letta då eg fortalte at dei ikkje hadde fleire kamper igjen, seier Richard Rogstad, leiar for Studentlekene Tennis.

Deltakarar på alle nivå

Ein grov forenkling vil vere å seie at Studentlekene er ein nasjonal olympiade for studentar. Studentidrettsfestivalen er ei samling av studentmesterskap, studentcupar og friluftslivarrangement. Tennis er av typen studentcup, som vil seie at det er eit mindre formelt idrettsarrangement. Nivået var likevel høgt, og spenninga var til stades heile helga.

– Vi hadde deltakarar på alle nivå, frå nybegynnarar som starta for under eit halvt år sidan, til spelarar som tidlegare låg heilt oppe i Noregstoppen, seier Rogstad.

Under turneringa vart det konkurrert i klassane single, double, og mixed-double. NTNU-student Sofie Morud Vågen deltok i alle klassane.

– Det var ein morosam helg med mange gode kampar, og stemninga har vore på topp både på bana og på sidelinja gjennom heile turneringa, seier Vågen.

Sosialt arrangement

Deltakarane i Studentlekene var studentar frå heile landet frå Tromsø i nord til Grimstad i sør. Lars Vaagbø reiste frå Bergen for å delta i årets leker.

– Turneringa var veldig morosam og sosial, og det var god stemning under alle kampane, seier Vaagbø.

Vaagbø har vore med på leikane ein gong før, der han enda på ein 3. plass. I år toppa han tidlegare plassering, enda med ein 2. plass i turneringa. I tillegg til med å vere fornøgd med plasseringa såg Vaagbø seg fornøgd med sjølve turneringa.

– Opplegget var veldig profesjonelt utført. Det var tydleg at leiaren visste korleis ein skal arrangere tennisturneringar, legg Vaagbø til.

Dette sa NTNU-student Atle Wiig-Fisketjøn seg einig i. Wiig-Fisketjøn spelte i mixed-double klassen i lag med Vågen.

– Dette er fjerde gong eg er med, og aldri før har turneringa vore så gøy. Arrangør Richard Rogstad fortener mykje av æra for dette. Han har brukt mykje tid og krefter, og lagt veldig godt til rette til eit bra arrangement, seier Wiig-Fisketjøn.

Grønkledde finaler

NTNUI var godt representerte under heile turneringa. I tennis var det NTNUI-studentar å sjå i fire av fem finalar. Til slutt enda NTNUI-studentar opp med seier i klassane damer single, herrar double, damer double og mixed double. Dette gjorde at tre studentar frå NTNU kunne kalle seg norsk studentmester.

Ein av desse var Vågen, som vann både damer single og mixed double i lag med Wiig-Fisketjøn.

– Det var veldig jamne finaler, men det ble til slutt seier i alle klassene eg deltok i, seier Vågen.

Vågen var med på Studentlekene for fjerde gong, og vann for tredje gong. Ho meiner likevel at favorittstempelet var fordelt på fleire i forkant av turneringa.

– I forkant var det mange forhandsfavorittar, så i alle klassane var det heilt opent om kven som skulle vinne, seier Vågen.

NTNUI enda opp med å ta 15 av 22 moglege pallplassar. Dette var med på å hjelpe klubben til å gå av med ein av dei gjævaste prisane - prisen som Studentlekene 2019 sin beste klubb. Dermed gjentok NTNUI suksessen frå fjoråret, der dei også gjekk av med denne prisen.

– Tennis er ikkje ein idrett som er kjent for å ha store fordeler med heimebane, men kanskje vi har klart å skape det i Trondheim, seier Rogstad.