Strossa i pastellrosa har endeleg opna dørene

Frå mørk hiphop-bule til varm spelekjellar – har UKA-19 sitt byggeprosjekt endeleg knekt koden?

Publisert Sist oppdatert

Kvar UKA blir det gjennomført eit byggeprosjekt på eit av lokala på Samfundet. I 2015 var det Bodegaen, i 2017 var det Selskapssiden. I år er det Strossa. Byggeprosjektet går ut på å renovere, redesigne og rekonseptualisere lokalet så langt pengar, tid og ambisjonar strekke til.

Vil du lé? UKEsjef og UKErevyen forteller om årets UKEnavn.

Slik så baren ut før. Bak buane er det nå sittegrupper.

Strossa har den ulempa at lokalet ligg i kjellaren, vekkgøymt nederst på Samfundet. Få har gått hit på slump, og omsetningstala har vore dei lågaste på Samfundet. Både UKA-09 og 03 hadde Strossa som byggeprosjekt, utan den heilt store suksessen. Det har ført til at det har vore litt vegring rundt å pusse opp Strossa, ofte omtalt som Strossa-fella, som er å bruke tid og pengar på å pusse opp, utan å få tilbake for innsatsen i form av høgare besøkstal. I siste omgang har Strossa vore ein spritbar med Hiphop-konsept både i stil og musikk. Det er med andre ord mange forventningar og mogelege fallgruver knyta til oppussinga av Strossa.

Den nye baren står nå på motsett side av lokalet. Her vil det serverast eit breitt utval av gin.

Total fornyelse

Dei nye sittegruppene er ideelle for brettspel og hygge.

Det første som slår mot oss når vi kjem inn i Strossa er ei total stilforandring. Der det tidlegare var grå veggar og mørk atmosfære, er det no pastellrosa veggar og varmt lys. Baren er også flytta. Tidlegare låg den rundt buegangane på venstre side av lokalet, på andre sida frå der ein kjem inn. No er baren flytta 180 grader rundt og plassert på motsett vegg. Baren ser også litt mindre ut enn før. Ved nærare ettersyn ser vi også at golvet er bytta ut: Der det tidligare var store, mørke flisar er det no lyst tregolv.

Etter opppussinga kan ein nå spille shuffleboard eller billiard på Strossa.

Baren er kledd i mørkt grønt trepanel, som står i kontrast til både golvet og veggane. Det gjer at baren skil seg ut i lokalet som eit tydeleg blikkfang, men utan å dominere rommet. Rommet er utforma slik at når ein sit, vender blikket seg inn mot sittegruppene eller speleborda, og ikkje direkte mot baren.

Og for nokon sitteplassar! Langs veggane er det no mange båsar med små sofabenkar trekt i mørkerosa skinn. Det kan minne litt om ein amerikansk diner, men utan det billige, kommersielle preget. Her har byggeprosjeket verkeleg tatt til seg studentanes ynskje om fleire sitteplassar på Samfundet.

Dei gamle buane kjem også meir til sin rette, utan den kasseforma baren rundt seg. Når ein står midt i lokalet er dei med på å opne opp og skape luft, medan når ein sit i båsane innanfor buene funkar dei som skiljevegar og gir meir privatrom. Ein kan sjå at den bua forma er gjennomarbeida inn i det nye interiøret. I tillegg til dei bua halvveggane er baren avrunda, og borda er også enten runde eller avrunda. Det heile bidrar til eit romsligare preg enn dei harde kantane Strossa hadde før.

Alle desse forandringane har verkeleg opna opp lokalet, og rommet kjennast større enn før. Vi får vite at det faktisk har blitt litt større, då det er revet eit lager innerst i rommet, som gjer lokalet to meter lengre. Dette bidreg nok litt, men det er først og fremst ei godt gjennomtenkt romløysing og arkitektteamet bak skal ha honnør.

Spelekjellar og gin

Byggeprosjektet kjem også med konseptendring, der dei satsar på spelebule og ginbar. Nye Strossa har både biljardbord og shufflebord, og masse brettspel. Planen er å ha Strossa opent på onsdagar, i tillegg til helgene som vanleg. Det opnar også opp for å ha eigne spelkveldar og tilknytta arrangement. Meininga er å ha eit meir kvardagsleg preg på lokalet, litt som ein vanleg kjellar. Kor kvardagsleg det blir om det berre skal vere åpent ein av vekedagane får vi sjå. Lokalet vil også måtte konkurrere med Edgar, som i dag også tilbyr brettspel og ein rolig atmosfære.

Strossa satsar også på sprittypen gin. Dermed vil det fortsetje å vere eit lokale med aldersgrense på 20 år. Dei vil sjølvsagt fortsette å servere øl, vin og standard barsupplement, men fokuset ligg på ginservering. Visstnok er gin inn for tida, men på åpningskvelden såg det likevel ut til at flesteparten heller føretrakk øl. Ein skal kanskje ikkje trekke for mange konklusjonar frå ein opningskveld, men tida får vise om at det er interesse nok for denne spesifikke sprittypen blant studentar.

For den Hiphop-interesserte kjem kanskje konseptendringa på Strossa som ein skuffelse, da Strossa har vore ein av få plassar i byen der ein kan danse til den type musikk. No skal Strossa framleis ha moglegheiter for dansing og DJ, men det skal berre vere ved spesielle anledningar, og ikkje kvar helg. Så når det no forsvinn ei scene for dei Hiphop-interesserte på Strossa, må Samfundet og Uka ta ansvar og byrje å tilby meir variert dansemusikk på dei resterande dansegolva. Då er ikkje Hiphopsamfundet og Elektrosamfundet to gonger i året godt nok.

Alt i alt har nye Strossa potensiale til å bli ein stor suksess. Byggeprosjektet har skjønt at Strossa ikkje har vore ein gjennomfartsåre ein tilfeldigvis endar opp i. Lokalet treng konkrete trekkplaster som greier å trekke fleire folk ned i kjellaren. Her er både biljardbord, shufflebord og eit bredt utval av gin. Byggeprosjektet har også greid å kombinere konseptet spelekjellar med ein godt utvikla romløysing. Eg trur lokalet no er meir brukarvenleg og innbydande enn tidlegare, men om det er nok for å trekke folk under bakken får tida berre vise.

Powered by Labrador CMS