Gode tal for utveksling på NTNU

Færre studentar vel å studere i utlandet, men NTNU sine tal gjenspeglar ikkje den nasjonale trenden.

Publisert Sist oppdatert

Ifølge ein artikkel frå forskning.no tok 24 083 norske studentar heile utdanninga eller deler av den i utlandet i 2018. Det er 864 færre enn året før, viser tal frå Lånekassen.

Trass låge tal på nasjonalt plan i 2018, fortel Nina Moxnes ved Internasjonal seksjon at NTNU fekk 50 fleire søknader om utanlandsopphald no i haust, samanlikna med året før. Tala på landsbasis blir offentleggjort når heile studieåret er over, men førebels viser dei nedgang.

PRAKSIS: NTNU-student Sara Rognlid saman med praksislæraren hennar ved sjukehuset AZ Groeninge.

Seniorrådgjevar Wolfgang Laschet ved Internasjonal seksjon på NTNU fortel om satsinga på internasjonalisering.

INTERNASJONAL SEKSJON: Førstekonsulent Johanne Aarnseth og seniorrådgjevar Wolfgang Laschet ved internasjonal seksjon på NTNU.

– Det er viktig å motivere studentane til å reise på utveksling. Eg trur det generelt på NTNU er stemning for å ta kravet om internasjonalisering på alvor, seier Laschet.

Han fortel at tidlegare rektor, Gunnar Bovim, var oppteken av å «pushe» studentmobiliteten enormt.

– Vi har ein handlingsplan som seier at 40 prosent av studentane som tek mastergrad og 20 prosent av bachelorstudentane skal ut, men Bovim meinte at alle studentar burde reise ut, ifølge Laschet.

Les også: Utveksling på godt og vondt.

– Dårleg informasjon

NTNU-student Sara Rognlid (22) er utvekslingsstudent i Belgia. Sjukepleiarstudenten studerer ved VIVES Katholieke Hogeschool og har praksis ved sjukehuset AZ Groeninge.

– Sjukehuset eg har praksis på her er mykje meir moderne enn norske sjukehus. Det er meir lærerikt. Eg har sett ein del prosedyrer og anna utstyr enn eg ville sett heime, seier ho.

Kvifor trur du færre norske studentar reiser til utlandet for å studere?

– Det kan vere fordi ein får lite informasjon om utanlandsstudier. Vi fekk litt informasjon om utveksling i det første semesteret mitt, men det tok veldig lang tid før det vart eit nytt infomøte.

22-åringen følte ho måtte ta ein del initiativ sjølv, sidan ho fekk så lite informasjon om utveksling og spesielt Belgia. I utgangspunktet fekk ho tilbod om praksisplass i Belgia, men dei tok kontakt med henne og sa at ho kunne ta eit par fag der også.

– Det er veldig godt miljø her. Eg bur saman med folk frå heile verda, fortel ho. Rognlid anbefalar alle å reise på utveksling.

– Det er ein heilt ny kultur. Kinesarane eg bur saman med har laga mykje god mat som eg har fått smake, og eg har fått nye venner frå heile verda, fortel ho.

Ynskjer fleksible samarbeidsavtalar

Førstekonsulent Johanne Aarnseth og Wolfgang Laschet ved Internasjonal seksjon på NTNU trur samarbeidsavtalane med universitet i utlandet er heilt avgjerande.

– På NTNU har vi eit system der vi brukar dei eksisterande avtalane så fleksibelt som mogleg, fortel Laschet.

Han vedgår at han er litt bekymra dersom utvekslingsprogram, og spesielt Erasmusprogram, utviklar seg i form av at administrasjonane byggjer ein ring rundt institusjonane gjennom skjema som tek vekk fleksibiliteten.

– Dersom vi har studentar som ikkje passar heilt inn i programmet eller avtalane, spør vi likevel universitet vi samarbeider med om vi kan prøve. I mange tilfelle opplever vi at dei går med på det, fortel Aarnseth.

Ho meiner dei på denne måten lettare kan sikre framtidige avtalar innan eit bestemt fagområde.

– Studentutveksling er litt prega av hestehandel. Viss dei er greie mot oss er vi greie mot dei, flirer Laschet.

Strengare i Storbritannia

Aarnseth og Laschet opplever at andre universitet er veldig strikte i bruken av desse avtalane, mellom anna i Storbritannia.

Storbritannia er den store favoritten til norske studentar. I undervisningsåret 2018-2019 mottok heile 4059 studentar støtte til å ta heile si utdanning der.

– I Storbritannia er det vanleg med skulepengar og vi har ikkje så mange friplassar. Det vil seie plassar der studentane slepp å betale, fortel Aarnseth.

Ho fortel at dei fleste likevel får dekt skulepengane ved hjelp av den støtta det er mogleg å få frå Lånekassen.

– Vi har etterkvart bygd opp ein portefølje av lærestadar der vi har enten friplassar eller rabattavtalar. I Storbritannia er det ofte ein rabatt på 20 eller 30 prosent på skulepengesatsen i avtalane som ikkje er Erasmusavtalar, seier ho.

– Verdas beste studiefinansiering

Laschet fortel at norske studentar reiser med finansieringa frå Lånekassen til land som stort sett har låge levekostnader.

– Ein norsk student kjem eigentleg med verdas beste studiefinansiering. Det er jo nesten slik at vi synest det er kritikkverdig at vi gir dei så mykje pengar i tillegg, vedgår Laschet.

Argumentet om at økonomi avgjer noko har han vanskeleg for å kjøpe.

Fleire studier ved NTNU har breiddeår der studentane ikkje går glipp av noko om dei reiser ut. Kan det vere avgjerande for dei gode tala?

– Ja, det er fleire element. Vi prøver å bygge eit visst sikkerheitsnett rundt studenten sitt ynskje om å reise til utlandet. Karakterane til vedkommande går ikkje inn i snittkarakteren, så ein kan ta litt risiko, fortel Laschet.

Byggjer opp språkkompetanse

Kva håpar de studentane tek med seg av erfaringar frå utveksling?

– Det er så mange aspekt. Ei viktig erfaring er at dei får eit anna syn på det norske systemet. Ein lærer at verda fungerer på ein anna måte. Når studentane kjem tilbake verdset dei kanskje det norske systemet meir, seier Laschet.

Aarnseth fortel at studentar gjerne blir oppfordra til å ta eit fag som NTNU ikkje tilbyr.

– Skap ein profil som gjer utdanninga di unik! Det er spennande. Eg har opplevd at fleire studentar har det som sin motivasjon for å reise ut, seier Aarnseth.

Dei legg begge vekt på at det er mange andre viktige erfaringar utvekslingsstudentar tek med seg tilbake til NTNU, mellom anna språk.

– Mange studentar vil til Italia sjølv om dei ikkje kan språket. Dei byggjer opp språkkompetansen ved intensive kurs før opphaldet og i det første semesteret. I andre semester er det mange som fortel oss at dei tek fag på italiensk, seier Laschet.

Han trur det er svært positivt at ein viser at ein har tatt emne på ulike språk på CV-en sin.

Målet er å realisere draumar

NTNU samlar inn rapportar frå utvekslingsstudentane, og desse viser at dei fleste synest dette var det beste året i deira studieløp.

– Mange opplever likevel at oppstarten kan vere tøff, fordi det er eit heilt anna system, nytt land og ein ny kultur, seier Laschet

Han fortel at NTNU ynskjer å gjere vegen til utlandet så enkel som mogleg, men at prosessen kan vere meir omfattande dersom ein student vel ein studiestad utanom det vanlege.

– Det viktigaste er at vi kan realisere draumen til studentar som vil studere eit semester i utlandet. Det er målet, avsluttar han. UD

Powered by Labrador CMS