Nyheter
Kommentar
Leder
Debatt
Reportasje
Portrett
Forskning
Forbruker
Sport
Musikk
Kultur
Anmeldelse
Underholdning
UKA
ISFiT
Pstereo
Øyafestivalen
Festningen
Article Feil med dårlegare undervising for å sleppa kveldsundervising image

Feil med dårlegare undervising for å sleppa kveldsundervising

Eg treng dei forelesningene eg får. Kor mykje skal ein vera villig til å ofra for å unngå kveldsundervisning?

Om du må velja, vil du helst ha moglegheit til å gå i (ikkje-obligatorisk) førelesing som varer til etter klokka 17, eller ha færre førelesingstimar totalt? Kva om du har valet mellom å ha eit par førelesingar på kveldstid per veke, eller å ha mesteparten av undervisinga di på nett? Er det eigentleg så ulogisk at det vert meir kveldsundervising av ei stadig fortetting på Gløshaugen? Kva meiner eigentleg NTNU-studentane om dette?

I desse dagar er det sjølvsagt, med rette, éi sak som dominerer i media. Likevel er det godt å sjå at fleire rettar fokus mot andre saker som fortener det, og eg vil gjerne kome med eit lite bidrag til ei slik sak. No ligg referatet frå Studenttinget sitt førre møte på nett, og i den samanheng vil eg gjerne løfte eit par spørsmål kring éi av sakene, nemleg kveldsundervising. Det er viktig at vi ikkje gløymer at det kjem ein kvardag igjen etter kvart, sjølv om vi ikkje veit heilt kor lenge det er til, og då vil denne saka igjen vere viktig.

Les også: Sit vil ikke redusere husleien for sine boliger.

Dei fleste punkta i vedtaket er relativt ukontroversielle, som mykje av Studenttinget sin politikk er, men det som får meg til å reagere er at NTNU-studentane sitt talerøyr no offisielt meiner «at NTNU bør se på alternative undervisningsmetoder som reduserer mengden forelesningstimer som et middel for å unngå kveldsundervisning.» Her må eg spørje: Kva slags arealeffektive undervisingsmetoder skal få ned talet på førelesingstimar utan at det går ut over undervisingskvalitet og læring?

Innovative læringsformer er interessant, bra og viktig, men det ser ikkje ut til at desse alternative metodane treng vere av ein slik karakter. Personleg treng eg dei få undervisingstimane eg får, og førelesingar er sannsynlegvis den mest arealeffektive undervisingsforma vi har som krev fysisk oppmøte på campus. Eg er òg redd for at dette kan tolkast som at vi ikkje treng like mykje undervising, og at NTNU ser på dette som eit godt høve til å effektivisere gjennom reine kutt i undervisingstimar.

Les også: 370 emner får godkjent/ikke godkjent: Blandede reaksjoner blant studenter.

Kutt i læringsaktivitet med fysisk oppmøte vil ikkje berre kunne ha konsekvensar for læringsutbytte, men potensielt òg studentar si psykiske helse. Det kjem i fortsetjinga eit punkt om at «NTNU bør legge til rette for at flere emner blir digitalisert og tilbyr nettbaserte kurs, der dette kan være hensiktsmessig, og slik kunne frigjøre undervisningsarealer.», så å leggje om til aktivitet som ikkje krev fysisk oppmøte er ein veg Studenttinget er villig til å gå. Har ein reflektert kring følgjene dette kan ha for det psykososiale læringsmiljøet, og for den psykiske helsa til særleg dei studentane som allereie kjenner seg einsame? Vert det ikkje potensielt endå vanskelegare for mange som allereie slit?

Det aller første punktet i vedtaket lyd «Studenttinget NTNU mener at kveldsundervisning, med de konsekvensene det innebærer, medfører en stor belastning for både studenter og ansatte og må derav unngås, særlig obligatorisk undervisning etter 17:15 må unngås så langt det lar seg gjøre». Her slit eg med å skjøne kva linje ein eigentleg legg seg på. Undringa mi vert forsterka av at vi vidare kan lese at førsteårsstudentar bør få prioritet på ikkje å ha kveldsundervising, og at om ein har undervising til seinare enn 18:00 skal ein ikkje ha det tidlegare enn 10:00 neste dag. Kor strengt skal ein då tolke første del av denne første setninga?

Les også: Derfor bør du søka NTNU-styret.

I vedtakslista finn vi også at koordinering av timeplanlegging bør styrkast, at undervising bør leggjast til areal som har eigna fasilitetar, og at konsekvensane av utbreidd kveldsundervising må anerkjennast. Eg trur og håpar at dette er ting som dei som arbeider med dette allereie er bevisst. I tillegg kjem eit eige punkt om at NTNU må kartleggje og tydeleggjere årsaker til kveldsundervising. Samtidig finn vi i sakshandsamar si vurdering at «NTNU burde også gå inn for at kveldsundervisning ikke er en god nok løsning på problematikken rundt fortetning og arealmangel på campus», som saman med tidlegare skriveri tyder på at vi kjenner godt til hovudårsaken. Eg vel her å sitere nestleiar ved Institutt for matematiske fag som uttalte seg i Universitetsavisa den 29. oktober: «Men er det ikke logisk? Når NTNU pakker flere sammen på en campus som ikke har blitt større, så blir det trangere om plassen.»

Avslutningsvis må eg påpeike at eg er fullstendig einig i at kveldsundervising har mange vanskelege konsekvensar, både for tilsette og studentar, og eg står framleis bak innlegget mitt om nettopp dette i Universitetsavisa i haust. Likevel meiner eg at det er ein del problematiske og lite konstruktive sider ved vedtaket som Studenttinget her har landa på. Som den offisielle studentstemma ved NTNU meiner Studenttinget dette på vegne av meg og deg, og då er det òg på sin plass at vi seier frå om vi meiner at politikken deira ikkje er heilt dekkjande for våre meiningar.