- Ro deg ned
Nesten Helg - 2015V - 1:5
Publisert: 03.02.2015 16:10
Blomst besøkte Nesten Helg i studio og berika oss med både intervju og livespeling.
Under forrige vekes sending av Nesten Helg var me så heldige å få besøk av evigaktuelle Blomst. Denne buketten (heh) spelte på Trondheim Calling for tredje gong. Dei håpar på å slutte å vere så kalla «Up-and-coming-aktuelle» og heller bli aktuelle på ordentlig på eit eller anna tidspunkt. Det kan fort skje sidan debutplata er like rundt hjørnet, men akkurat kor tid den blir sluppe er enda uvisst.
- Vi kan vel røpe at den kommer før andreplata vår, fortel gitarist Lasse Febakke.
Tørr humor av glimrande kvalitet er eit faktum.
-Ja, til og med før «Best of-skiva», legg vokalist og gitarist Ida Dorthea Horpestad til.
Ein skal aldeles ikkje la seg lure av det søte bandnamnet, dette er norsk garasjepunk-rock på sitt beste. Denne rare og joviale kvartetten laga god stemning i studio, så god stemning at me gjerne pakkar den inn og tar den med vidare på livets kronglete sti. Me fekk ein liten smakebet av den komande skiva. Len deg tilbake og nyt videoen av Blomst som framfører «Ro deg ned».
Me vonar forøvrig at du var ein av dei heldige som fekk oppleve bandet live på årets Trondheim Calling. Om ikkje kan du sjekke dei ut på både [Spotify](https://play.spotify.com/artist/3ibaCAI1ilYKUKVTWabFg0) og [SoundCloud](https://soundcloud.com/blomstband). Legg også merke til Chris Robin Omdahl og Teodor Andersens deilige og intense blikk inn i kamera i videoen.