«All Sliced Up»
Nesten Helg - 2015V - 2:5
Foto: Nesten Helg
Publisert: 17.02.2015 17:49
Short Skirts framførte sin nye singel akustisk i studio hjå Nesten Helg.
I forrige vekes sending av Nesten Helg kom fire av den flotte kvintetten Short Skirts på vitjing i studio. Per, Vegard, Håvard og Espen berika oss med både intervju og, for fyrste gong nokon sinne i deira karriere, akustisk livespeling. Garasje/surf/punk-bandet har akkurat sluppe sin fyrste singel, «All Sliced Up», frå den komande plata. Låta har hausta god kritikk og korleis det kjennes kan vokalist Espen skildre levande:
– Det er litt som å bli massert på låra av ei dame som du er kjempeforelska i egentlig.
Jaha.
– For du vil jo gjerne bli massert på låra ofte, men hvis det er ei dame du er forelska i samtidig er det jo dritkult liksom, held Espen fram.
Me skjønar akkurat kva han meiner.
Plata, med den tankevekkande tittelen Family Values, er venta å kome i august. Før den tid blir det konsert både i Oslo, Bergen og fleire her i Trondheim.
Utanom seg sjølve og sine vakre vesen hadde dei altså med seg to kassegitarar i studio. Me fekk ein smakebet av «All Sliced Up» i akustisk versjon. Elles vonar me sjølvsagt du var ein av dei som fekk oppleve bandet live på Klubben i helga som var. Om ikkje kan du sjekke singelen og ei handfull andre låter ut på Spotify, og ikkje minst sjå den deilige videoen me har av deira opptreden i studio.
Til informasjon er Espen medlem av Studentmediene.